Gatekunst Bonangergata
I samarbeid med ungdomsklubben Vangsgryto, Ungdomshuset UHV og kulturskulen på Voss skal ungdom i bygda laga ei flott utstilling med kjentfolk frå Voss.
Jazzlinja i Trondheim: NOW
Gjer dykk klare for ei ekspressiv, mangslungen og ikkje minst unik konsertoppleving, med eigenkomponert musikk av 15 av Norges mest lovande jazzmusikarar.
Ståle Storløkken – Solo kyrkjeorgel
I møte med kyrkjeorgelet utforskar Ståle Storløkken både mogelegheitene og avgrensingane i instrumentet, og leitar etter skjulte "lyd-skattar".
Griegakademiet
Ei skikkeleg god blanding, både i form av inspirasjonskjelder, instrument og musikalske innfallsvinklar – sterk kollektiv kjemi og eit brennande ynskje om å utøva bra musikk: Griegakademiet er klare for å skapa god stemning på Vossa Jazz 2022!
Festivalkunstnar: Sveinung Iversen
Springande frå noko, eller til noko, mot nord eller sør, aust eller vest i ein rastlaus kamp for tilværet.
Jon Balkes Siwan
Siwan er ei musikalsk eventyrreise, med ein rik, historisk bakgrunn og nokre grunnverdiar som vert spegla i komposisjonar og musisering: Samarbeid, toleranse og sameksistens.
Signe Emmeluth: Banshee
Saman med eit stjernelag av unge, framifrå musikarar har Emmeluth laga eit verk der kraftfulle og tydelege stemmer vert vikla saman.
Sylvie Courvoisier Trio feat. Drew Gress & Tom G. Rainey
Nokre pianistar nærmar seg instrumentet som ein katedral, men for Courvoisier er pianoet ein leikeplass!
Petters Festjam
Spenn fartsbeltet, knyt danseskoa og gjer deg klar for ein improvisert, morosam og sveitt fest!
Femi Kuti
Dette er musikk som får ein til å danse til ein gløymer tid og stad! Drivande, fengslande og groovy greier med mangslungen perkusjon og tekstar med politisk brodd.
Tønes
Tønes er ein av landets beste låtskrivarar og tekstforfattarar og ein skikkeleg virtuos når det kjem til underfundige betraktningar rundt små og store kvardagsfenomen me alle kan kjenna oss att i.
Trøen/Arnesen Quartet: New Paintings of Jazz
«New Paintings of Jazz» er saksofonist og komponist Elisabeth Lid Trøen sitt fyrste bestillingsverk!
Friends & Neighbors
Energisk og melodiøs frijazz på sitt beste!
Ola Kvernbergs Steamdome
Då Steamdome dundra gjennom lydmuren for tre år sidan hagla lovorda frå presse og publikum. No kjem Steamdome II, The Hypogean!
DJ Love Machine
Mange jazzelskarar har Paal Nilssen-Love trygt plassert på lista over yndlingstrommisar, men det er ikkje alle som veit at han er ein fantastisk platesnurrar òg!
Kulturvandring
Vandring frå Vangskyrkja via Finnesloftet til Mølstertunet der det undervegs vert passeleg store påfyll med godbitar frå den lokale kulturhistoria.
Jazznytt18 – Audun Vinger i samtale med komponistar på festivalen
Velkomen til salongklubben Jazznytt18
Badnajazzparade
Små og store er hjarteleg velkomne til å vera med, og du kan ta med instrument om du vil.
laurdag 9. april
11:30
Badnajazz: Forfattartreff med Terje Torkildsen
Terje Torkildsen er festivalforfattar på Falturiltu 2022
Eyolf Dale Trio
Her er det duka for eit uhyre tett og dynamisk samspel med både improvisasjon, uventa vendingar og gjennomarbeida komposisjonar.
Marius Klovning solo
Voss sin eigen Marius Klovning fyller Finnesloftet med klangen av sitkagran, mahogny og stålstrengar!
Badnajazz: Kalaskvintetten
Kva var det eigentleg som skjedde i svensk jazz på 70-talet som gjorde at den beste musikken var barne-TV-jazzen?
Bokbad med Randi Fuglehaug
«Bergen har Varg Veum, Voss har Agnes Tveit»
Benedicte Maurseth og Sarah-Jane Summers: Màni
Dei veletablerte felespelarane Benedicte Maurseth og Sarah-Jane Summers samarbeider for fyrste gong i eit nytt tingingsverk – for Vossa Jazz 2022!
LUX: Seim og Storløkken med solistar frå Voss kulturskule
Saksofonist Trygve Seim og Ståle Storløkken på kyrkjeorgel slår seg saman med unge solistar frå Voss kulturskule, under leiing av Ingrid Langen Fjose, for ei storstilt framføring av Andrew Smith sitt Requiem frå 2012, som vart skrive til minne om ofra på Utøya.
Arashi
Dette vert garantert ei stor oppleving for alle frijazzfrelste!
Kjartan Fløgstad Band
Her vert det nyskrivne tekstar frå Fløgstad og Stalsberg og originalkomposisjonar av Raknes og Carstensen: Ei salig blanding av kortreiste og langreiste toner frå amerikanske jukeboksar, landskappleik og buskspel, jazzklubb og bluesbule, katedral og høgfjell!
Bergen Big Band med Marius Neset
Det er duka for eit toppa, bergensk stjernelag på Vossa Jazz 2022!
Tingingsverket: Andreas Ulvo – Vindall
Andreas Ulvo leverer Tingingsverket Vindall til Vossa Jazz 2022!
Jazzintro: Munch Trio
Bandet har sitt særpreg ved at musikarane har fordjupa seg i kvart sitt område i jazzen. I musikken møtest dei og skapar eit lyrisk kammermusikalsk uttrykk som blandar post bop, gypsy- og nordisk jazz.
Jazzintro: Bento Box
Bentoboksar – japanske matboksar med separate rom inni – er gjerne forseggjorte og fargerike, og innhaldet er gjerne noko meir smakfullt og spanande enn det den norske matpakka kan by på.
Sheila Jordan & Cameron Brown
Sheila Jordan har ei særs finjustert musikkjensle, stor formidlingskraft og mange sterke forteljingar frå ei lang og omfangsrik karrière.
Andreas Røysum Ensemble
Når Andreas Røysum samlar sine beste vener og favorittmusikarar i Andreas Røysum Ensemble vert fascinasjonen hans for tradisjonsmusikk frå Asia og Afrika blanda med elden og språket frå den ekspressive jazzen og den moderne vestlege noterte musikken sin utstrekte formsans.
Cloroform
Med røter i jazz og med eit ynskje om å eksperimentera utover i eit elektronisk, punkete rockelandskap, let Cloroform som ingen andre band. Kontrabass, trommer og clavinet med full turbo og eit skyhøgt energinivå.
Arctic Ice Music Ensemble
Dette vert ei eineståande konsertoppleving, der Terje Isungset tek med seg eit knippe fantastiske artistar med erfaring og bakgrunn frå arktiske forhold.
Inger Hannisdal Ensemble
Mikrotonale melodiar og modal improvisasjon!
Jeppe Zeeberg and the Absolute Pinnacle of Human Achievement
Kvartetten The Absolute Pinnacle of Human Achievement er spesiallaga for framføring av Zeeberg sitt personlege og djupt eklektiske repertoar, som omfattar alt frå ragtime til fri impro og metal!
Kåre Kolve Electric Fusion Quintet
Etter mange år som utøvande musikar har saksofonist Kåre Kolve no vendt blikket til si eiga ungdomstid, 80-talet og den musikken som gjorde at han byrja å spela saksofon. Me snakkar groovy, funky og fengande musikk i skjæringspunktet mellom jazz, funk, pop og prog.
Isák
Med ei vinnande blanding av samisk tradisjonsmusikk, dansbare synth-melodiar, fengande popvendingar og hardtslåande tekstar har ISÁK truffe ei nerve blant samfunnsengasjerte og musikkelskarar.
Linus + Økland/Van Heertum/Zach
Drøymande, stillferdig og akustisk samtids-folk-jazz kombinert med elektroniske element på ein elegant og innovativ måte.
Brunborg & Øyunn: Togetherness
Far Tore og dotter Siv med splitter nytt prosjekt! Saman med to av sine absolutte yndlingsmusikarar – Nikolai Hængsle og Bugge Wesseltoft – framfører dei ny, spesialskriven musikk.
Superjazz: Petters Festjam og Supergruppo
Jazzsjangeren tufta på improvisasjon, impulsivitet og speleglede. Superjazz'en – med Supergruppo og Petters Festjam i spissen – lever verkeleg opp til desse grunnverdiane!
Jeppe Zeeberg Solo
I solokonsertane sine trekkjer Jeppe Zeeberg vekslar på ei lang rekkje sjangrar og stilartar, som vert blanda saman til ein høgst idiosynkratisk, fri og leiken heilskap, med like delar humor, alvor og virtuost spel.
Eldrejazz: Snarvegen om Bauthus
Til eldrejazzen har Anders, Anne Siri og Olav sett saman eit variert program med kjende tradisjonssongar, amerikansk blues og klassiske stykke for song, gitarar og ukulele.
Solveig Slettahjell
Noregs jazzdronning Solveig Slettahjell kjem til Vossa Jazz!
Heim med Joni
I 1882 utvandra oldeforeldra til Joni Mitchell frå Modalen til Canada. I år tek Vossa Jazz den legendariske artisten heim til Vestlandet med ein stor hyllingskonsert!
Privacy OverviewThis website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary CookiesStrictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.