Lastar Hendingar

Superjazz: Petters Festjam og Supergruppo

  • Denne hending er over.
sundag 10. april

Kl 14:00

Jazzsjangeren tufta på improvisasjon, impulsivitet og speleglede. Superjazz’en – med Supergruppo og Petters Festjam i spissen – lever verkeleg opp til desse grunnverdiane!

Petters Jazzjam har dei siste åra vorte ein institusjon i miljøet rundt NTNU Jazzlinja i Trondheim, med rykte på seg for å vera ein ellevill og festleg seanse med musikalsk leik og spontanitet i høgsetet – skikkeleg Superjazz altså! Med seg på laget har Petter Dalane den fabelaktige Kåre Kolve og den ekstraordinære Ola Høyer, og saman møter dei sjølvaste Supergruppo og andre menneske med nedsette funksjonsevner for ein impulsiv, gøyal og varm konsert sundag på Vossa Jazz!

Gratis for born under 16 år.

Petter Dalane – piaono
Kåre Kolve – saksofon
Ola Høyer – bass
Supergruppo under leiing av Solfrid Himle

 

English
This year’s Superjazz is lead by Petter’s Party Jam from Trondheim. Together with Supergruppo and other jazz lovers with disabilities they celebrate the joy of music, improvisation and jazz!