Lastar Hendingar

Isák

laurdag 9. apr kl TBA

Med ei vinnande blanding av samisk tradisjonsmusikk, dansbare synth-melodiar, fengande popvendingar og hardtslåande tekstar har ISÁK truffe ei nerve blant samfunnsengasjerte og musikkelskarar.

Bandet slapp debutplata Ealán til strålande kritikkar og sikra seg ein Årets nykomar-nominasjon på P3 Gull 2019. Pandemien sette konsertar på vent, men bandet nytta tida godt ved å spele inn oppfylgjaralbumet Roasut som kom ut i 2021, til stor jubel frå fans og musikkpressa.

Sisteplata handlar om alle stormane (roasut tyder storm på samisk) og kampane me menneske står i for tida, som klimakampen, miljøvernsaka og kampen mot rasisme. Som bandet sjølv skriv: «Når ISÁK opptrer er det vel så mykje aktivisten Ella Marie som vokalisten, som står på scena».

Ella Marie Hætta Isaksen – vokal
Aleksander Kostopoulos – trommer
James Daniel Njie Eriksen – keys, effektar

 

 Konserten inngår i billetten Huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

 

English
Traditional Sámi music meets modern dance music, synth pop and hard hitting lyrics about climate change and racism. ISÁK’s second album «Roasut» was released in 2021 and praised by fans and and music press alike.