Foto Maiken Larsen Solholmvik
Foto Maiken Larsen Solholmvik

Badnajazz

Badnajazz er festivalen for, av og med born. Sidan 2000 har det vore skipa til konsertar, parade, verkstader og utstilling. Badnajazz har sitt eige Tingingverk der profesjonelle musikarar samarbeider med born frå Voss og omegn.

Program for Badnajazz 2023:

Laurdag 1. april kl. 11.00, torget
Parade torget – Voss kulturhus

Laurdag 1. april kl. 11.30 – Voss kulturhus, blblioteket
Aina Basso, årets festivalforfattar på Falturiltu

Laurdag 1. april kl. 12.00 – Voss kulturhus, kultursalen
«Kashakas & Klikkerter»
Per, Daiyen og Audun er tre nysgjerrige supermusikarar som lett let seg av fascinera av nye lydar og instrument – som «klikkerter» og «kashakas»!

Laurdag 1. april kl. 16.00 – Park, Vossasalen
Sigrid Moldestad: Regndråpeborna og andre dyr
I “Regndråpeborna og andre dyr” får små og store bli kjend med både regndråpeborna, grashoppa med grashoppefela, snigelen som sykla og kråka med alle dei skumle kråketankane…

Sundag 2. april kl. 13.00 – Voss kulturhus, kultursalen
Tora Augestad: Vårill
Tora Augestad har skrive musikk til utvalde tekstar av Ruth Lillegraven, hovudsakleg frå barnediktsamlinga «Eg er eg er eg er» frå 2016. «Til verda» vart urframført på Senja Barnefestival sommaren 2022, og no kjem dei til Vossa Jazz!

Med seg har ho dei flotte musikarane Trygve Seim, Pål Hausken, Frank Hovland og Espen Leite. Augestad har òg samarbeidd med kunstnar og fotograf Marie Sjøvold om det visuelle.

På Vossa Jazz skal solistar frå Voss kulturskule-kor under leiing av Ingrid Langen Fjose bidra på scena.



Kjøp billettar hjå TicketCo. Du kan kjøpa festivalpass til årets Badnajazz!
Born under 2 år kjem gratis inn på Badnajazz.


Badnajazzkoret er eit prosjektkor som jobbar fram mot Badnajazz under Vossa Jazz. Her er det mykje variert musikk – dette er ikkje berre er eit tradisjonelt kor. Me har mykje song, moro og leik med lydar og rørsle til musikk. Musikkleik og glede er ingrediensane og alle born i skulealder er velkomne med i koret.

Frå hausten 2021 og inntil vidare har koret pause.


Ein liten film om Badnajazz laga av Terje Nesthus: