Lastar Hendingar

Andreas Røysum Ensemble

  • Denne hending er over.

Klarinettisten Andreas Røysum har i seinere år vore overalt med band som Miman, Nakama, Marthe Lea Band og Alasdair Roberts & Völvur.

Når han no samlar sine beste vener og favorittmusikarar i Andreas Røysum Ensemble vert fascinasjonen hans for tradisjonsmusikk frå Asia og Afrika blanda med elden og språket frå den ekspressive jazzen og den moderne vestlege noterte musikken sin utstrekte formsans. Men heldigvis er dette alt anna enn ein tannlaus pastisj av hippe referansar, men snarare ei verdsetting og forståing av dei organiske elementa i musikken.

Ensemblet slapp sin sjølvtitulerte debut i mars 2020, og blei i samband med det omtalt som «eit musikalsk kokkelandslag» (Lars Mossefinn, Dag & Tid), «de eneste freaksa i Norsk jazz» (Filip Roshauw, Now´s The Time) og «noen av landets mest spennende musikere» (Audun Vinger, DN).

Ensemblet trur på musikken si transcendentale og forsonande kraft, og brukar Røysum sine sterke komposisjonar som eit springbrett for å smelte saman til ei eining og utvide tid og rom. Oppfølgar(dobbel)plata Fredsfanatisme kom hausten 2021, og viste at gruppa har utvikla seg og tatt store steg på kort tid.

Andreas Røysum — klarinett
Henriette Eilertsen — fløyte
Erik Kimestad Pedersen — trompet
Signe Emmeluth — altsaksofon
Marthe Lea — tenorsaksofon
Øyvind Brække — trombone
Hans P. Kjorstad — fele
Joel Ring — cello
John Andrew Wilhite — kontrabass
Christian Meaas Svendsen — kontrabass
Andreas Wildhagen — trommer
Ivar Myrset Asheim — trommer


Konserten inngår i billetten Huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

 

English
Norwegian clarinet player and composer Andreas Røysum has gathered his best friends and favourite musicians to further explore his fascination for traditional music from Africa and Asia, expressive jazz and western classical genres. Their two albums Andreas Røysum Ensemble (2020) and Fredsfanatisme (2021) has recieved a lot of praise from music critics. The ensemble believes in the trancendental power of reconciliation in music, and they show a genuine understanding and respect for the musical influences underpinning Røysums original compositions.