Lastar Hendingar

Andreas Ulvo, Tingingsverket Vindall

Ulvo er ein av landets fremste jazzpianistar og komponistar. Han har etter utdaninga ved jazzlinja ved Norges musikkhøgskole deltatt i mange og ulike musikalske samarbeid. Ulvo har skrive musikk for eige ensemble og samarbeida med ei rekkje artistar, til dømes Shining, Mathias Eick, Ingrid Olava, Karl Seglem, Marit Larsen og Solveig Slettahjell. Til Tingingsverket ynskjer Ulvo å skriva musikk som er sett saman av mange sjangrar. Hans musikalske språk inneheld både jazz, klassisk, pop, samtidsmusikk og folkemusikk, og målet som komponist og musikar er å søka å eina desse uttrykka i ein heilheit.

Komponisten vil kombinera instrumenta på ein litt uvanleg måte og seier dette om verket:

«Jeg er opptatt av at verket skal ha et dynamisk spenn, fra det poetiske og flytende til det mer rytmiske, fra det vakre til det rare. Det er viktig for meg at musikerne får være med å forme uttrykket, og at det er plass til å veksle mellom ulike besetninger innen verket, sånn at det skal få klanglig og dynamisk variasjon. Jeg henter inspirasjon fra musikk fra fortida, men vil at det skal ha forankring i nåtida. Jeg håper at musikken vil oppleves som noe annerledes og friskt, og noe man kanskje ikke har hørt før.»

Med sin bakgrunn og musikalske estetikk har Ulvo valt musikarar som kan vera med på å underbygga denne tankegangen, og desse musikarane beherskar mange sjangrar. Musikarane har til saman erfaring frå den musikken som Ulvo er oppteken av. Ved å kombinera instrumenta på ein litt uvanleg måte, som for eksempel barokkharpe og hardingfele, ynskjer han å skapa eit verk som kling annleis:

«Jeg vil prøve å skrive musikk på en måte som gjør at det ikke høres for planlagt ut, og jeg vil prøve å beholde noe av improvisatoriske kvalitetene også inn i det skrevne.»

Andreas Ulvo – komposisjonar, tangentar Helga Myhr – hardingele og vokal Håkon Aase – fele Giovanna Pessi – barokkharpe Tanja Orning – cello Mats Eilertsen – bass Helge Andreas Norbakken – perkusjon