Lastar Hendingar

Gatekunst Bonangergata

torsdag 7. apr kl 17:00

Bonangergata er ei kjend bakgate på Voss og har tradisjonelt vorte nytta av folk som ikkje ville bli sett på veg heim nattetid… Det er på tide å skapa synleg liv også på dagtid, så no vert Bonangergata krona med si eiga permanente utstilling!

I samarbeid med ungdomsklubben Vangsgryto, Ungdomshuset UHV og kulturskulen på Voss skal ungdom i bygda laga ei flott utstilling med kjentfolk frå Voss. Tre av motiva er allereie komne opp, men no skal utstillinga verta komplett med 13 motiv av kunstnarar og kulturpersonar med røter til bygda. Torsdag 7. april kl. 17.00 opnar Marco Elsafadi utstillinga, og det vert god musikk levert av jazzlinja ved Voss folkehøgskule. Elevar frå utdanningsprogramma Sal og reiseliv ved Voss gymnas syter for vakker innramming og aktivitetar.

I etterkant av opninga vert det høve til å prøva seg på årets jazzquiz som ein finn i utvalde vindauge i Vangsgata. Quizen er laga av elevar ved medieproduksjon på gymnaset.

Les meir om: