Lastar Hendingar
Foto Claudia Willmitzer

Inger Hannisdal Ensemble

  • Denne hending er over.
laurdag 9. april

Kl 22:30

Fiolinist Inger Hannisdal og det strålande ensemblet hennar dyrkar det skakke og det undrande og det som ligg mellom og utanfor etablerte rammer. Med fokus på mikrotonalitet og kjærleik for asymmetriske rytmar, lagar dei musikk som både er overraskande songbar og full av lengt og vakre melodiar. Inspirert av både arabisk maqam og norsk folkemusikk, presenterer dei eit originalt, gjennomført og tankevekkande musikalsk språk.

Dei siste hundreåra er det såkalla «temperert intonasjon» som har vore gjeldande i europeisk musikk. På den måten har vi gått glipp av ei heil verd av tonar – nemleg alle dei ein finn mellom dei tolv tangentane i oktaven på pianoet. Ensemblet vil dykka ned mellom tangentane og finna tilbake til nettopp desse tonane, og utforske uttrykk, melodiar og kjensler som kjem fram med denne ukjende toneverda.

Inger Hannisdal – fele, komposisjon
Adrian Myhr – kontrabass
Khalid Laaouam –saksofon
Andreas Winther – trommer
Hans P. Kjorstad – harmonium, fele


Konserten inngår i billetten Huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

 

English
Violin player Inger Hannisdal and her great ensemble present a deeply thought provoking and accomplished musical language inspired by Arabic maqam music and traditional Norwegian folk music. The ensemble seeks to go beyond the Western musical tonality and explore microtonality, asymmetrical rythms and different timbres.