Superjazz

I 2010 skipa Vossa Jazz til Superjazz for første gong, eit tilbod til menneske med nedsette funksjonsevner. Her er det verkstader og konsert med profesjonelle musikarar.

Superjazz is a project where people with disabilities express themselves through music, with help from professional musicians. Vossa Jazz has held Superjazz workshops and concerts since 2010.


Superjazz 2023 med The Brazz Brothers og Supergruppo

Jazzsjangeren tufta på improvisasjon, impulsivitet og speleglede. Superjazz’en – med Brazz Brothers og Supergruppo i spissen – lever verkeleg opp til desse grunnverdiane!

The Brazz Brothers er landets eldste eksisterande frilansensemble med kontinuerleg drift. Dei starta som ein messingkvintett i januar 1981. Alle medlemmane er frå bygda Langevåg på Sunnmøre, og besetningen har, med eitt unntak, vore den same sidan oppstarten.

Ensemblet har eit stort publikum både i Noreg og internasjonalt. Med sin spesielle besetning – messingkvintett pluss trommer – har ensemblet skapt sin eigen musikalske stil og sjanger. Unikt samspel, samskaping, improvisasjon og originalitet utført på eit teknisk høgt nivå, har ført til at ensemblet har vorte ein institusjon i norsk kulturliv.

Medvarkande:
Jan Magne Førde – trompet
Helge Førde – trombone
Stein Erik Tafjord – tuba
Runar Tafjord – horn
Kåre Nymark – trompet
Kenneth Ekornes – trommer
Supergruppo og andre Superjazzarar

 

 

 


Film frå Superjazz 2015: