Lastar Hendingar
arashi

Arashi

Supergruppa Arashi kjem til Vossa Jazz! At dei kjem til å ta festivalen med storm har vi all grunn til å tru – arashi tyder nemleg storm på japansk.

Akira Sakata har vore ein hovudfigur på den japanske frijazzscena sidan 1970-talet, og er kjend for å aldri gå tørr av scena: Han gjev jernet til sveitten piplar! Saman med den framifrå svenske bassisten Johan Berthling og vår eigen “dynamikk-bombe” Paal Nilssen-Love, som har gjort seg gjeldande som ein av landets fremste trommisar sidan tidleg 90-tal, vert dette garantert ei stor oppleving for alle frijazzfrelste.

Trioen debuterte på Molde Jazzfestival i 2013, og har sidan den gong smidd saman fire fantastiske album, og dei har gjort fleire turnéar i Europa og Japan. No er dei klare for ein ny runde, og det er vi glade for! Musikken deira er høgenergisk og improvisert, og alle dei tre musikarane er kjende for skyhøg stamina og evne til å sprenge musikalske grenser med spelet sitt.

Akira Sakata (JAP) – altsaksofon, klarinett, vokal
Johan Berthling (SWE) – kontrabass
Paal Nilssen-Love (NOR) – trommer, perkusjon

 

English
The Arashi trio had it’s debut during Molde Jazzfestival in July 2013 and entered the studio just a few days later to record the album “Arashi-Storm”. The trio has toured Europe and Japan several times and is now preparing for another European tour in the spring of 2022. Their latest album Jikan was recently released on PNL Records.
Arashi’s music is improvised and of high energy. All three players are known for their stamina and will to push themselves and the music beyond traditional boundaries.