Lastar Hendingar
bauthus

Eldrejazz: Snarvegen om Bauthus

sundag 10. apr kl 15:00

Anders Bauthus debuterte på Vossa Jazz som femåring(!), og har bidrege i badnajazzkoret i ei årrekke allereie, og han har vore ein aktiv songar i kulturskulen. Den talentfulle odelsguten på Bauthus har vorte tolv år, og no tek han scena på Eldrejazzen saman med foreldra Anne Siri Bauthus og Olav Undeland, som er kjende og kjære bidragsytarar i musikk- og kulturlivet på Voss.

Til eldrejazzen har dei sett saman eit variert program med kjende tradisjonssongar, amerikansk blues og klassiske stykke for song, gitarar og ukulele.

Anders trollbind publikum med ei klår og kraftig røyst og sjarmerande framføringar. Anne Siri syng oftast folketonar, gjerne etter oldemora Brita Bauthus, medan Olav får det til å svinga med blues frå Amerika.

Anders Bauthus – vokal
Anne-Siri Bauthus – vokal, ukulele
Olav Undeland – vokal,  gitar