Tilgjengelegheit

Generell informasjon:

  • Eigne rullestolbillettar er tilgjengelege for alle arrangement.
  • Kontakt oss på post@vssajazz.no ved spørsmål.
  • Ver tidleg ute dersom du har behov for assistanse, og kontakt vertskapet på spelestaden.

Ledsagarar:

  • Innehavar av eit ledsagarbevis frå sin kommune kan ta ut 1 ledsagarbillett per konsert. Gyldig ledsagarbevis må visast ved inngangen.
  • Kontakt TicketCo kundeservice direkte om du treng billetthjelp eller har spørsmål om billettkjøp. Du finn kontaktskjema til dei her: https://support.ticketco.events/hc/en-us/requests/new
  • Vertskapet på spelestadane kan hjelpe deg med å finne plass og anna du måtte ha behov for.

Spelestadar og tilgjengelegheit:

Park Hotel Vossevangen, huser scenene Café Stasjonen, Vossasalen, Jazzklubben og Pentagon:

  • Lett åtkomst og god framkomst mellom dei ulike scenene på hotellet.
  • HC-toalett.
  • Rullestolar med ledsagar får god plassering i forhold til scena.
  • Vertskap bistår, ta kontakt.

Gondolane:

  • Universelt utforma og god framkommelegheit.
  • HC-toalett tilgjengeleg.

Hangurstoppen:

  • Universelt utforma og god framkommelegheit.
  • HC-toalett tilgjengeleg.

Vangskyrkja:

  • Adkomst utan rampe inn i kyrka gjennom hovudinngongen.
  • Rullestolplassar i midtgongen av seteradene.
  • Teleslynge.

Gamlekinoen:

  • Rampe inn til sjølve salen.
    HC-toalett.

Osasalen:

  • HC-toalett.
  • Inngang tilpassa rullestol.

Kapelankåken:

  • Mobil rampe.
  • HC-toalett.

Kulturhuset:

  • Egen HC inngang på vestsida av hovudinngangen.
  • Eige HC toalett.
  • Heis til etasjane.
  • Eigne rullestolplassar.
  • Teleslynge.

Idrettshallen:

  • Rampe inn til hovedinngangen.
  • HC-toalett.

Tre brør:

  • Mogeleg å kome seg inn med rullestol i begge etasjar.
  • HC-toalett i underetasjane.

Vangsgata:

  • Lett adkomst.
  • Noko brustein.