

Foto Marius Vervik
Badnajazz: Forfattartreff med Terje Torkildsen
laurdag 9. apr kl 12:00
Falturiltu er verdas største nynorske barnebokfestival, og den går føre seg på Stord i veke 45 kvart år. Det er blitt ein fin tradisjon at du får møta årets festivalforfattar på Badnajazz under Vossa Jazz! Terje Torkildsen er født i Stavanger i 1971. Han er utdanna norsklektor men har dei siste tiåra jobba som forfattar og artist. Han er kanskje mest kjent som drosjesjåføren i kultfilmen Mongoland og for eit titals populære ungdomsbøker på nynorsk, m.a. Dystopia-serien og Stavanger Stories I – III.
Les meir om: