Lastar Hendingar
Foto BERRE v/ Jens Westbye

Petters Festjam

  • Denne hending er over.
fredag 8. april

Kl 21:00

Petters Jazzjam har dei siste åra vorte ein institusjon i miljøet rundt NTNU Jazzlinja i Trondheim, med rykte på seg for å skape ellevill fest og ville tilstandar med utgangspunkt i improvisasjon, jazz, humor, leik og virtuost spel!

Petter og gjengen traff verkeleg ei festnerve i Vossa Jazz-publikummet i fjor, då dei spelte på sjølvaste gjenopningsdagen, 25. september. No kjem festjammen attende til bygda, og med på laget har Petter Dalane den fabelaktige Kåre Kolve, den ekstraordinære Ola Høyer og sjølvaste jazzfantomet Veslemøy Narvesen. Spenn fartsbeltet, knyt danseskoa og gjer deg klar for ein improvisert, morosam og sveitt fest!

«Det vart den galnaste – og morosamaste – konserten på årets festival.» Bjørn Sandnes, Avisa Hordaland, konsertomtale 2021

Petter Dalane – piano
Kåre Kolve – saksofon
Ola Høyer – bass
Veslemøy Narvesen – trommer


Konserten inngår i billetten Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

English
Petter’s Party Jam has become an institution in the jazz community in Trondheim, arranging recurring «crazy impro jazz jam parties!» with a lot of humour, playfulness and improvisational skills.