Frivillig

I dagane 31. mars – 2. april 2023 vart Vossa Jazz skipa til for 50. gong! 

Lyst å vera med i 2024? Set av dagane 22. – 24. mars! Søknadsskjema kjem her i desember.


Informasjon om dei ulike jobbane:

Jazzvert
Som jazzvert vil du ta del i oppgåver som billettkontroll, vakthald inne i konsertlokala og ved naudutgangar, enkel opp- og nedrigg av scene og lokale samt å svara publikum på spørsmål. Som jazzvert er du Vossa Jazz sitt andlet mot publikum og har eit stort ansvar for at publikum får god informasjon og gode vilkår for å høyre god musikk! 

Jazzvertane er hovudsakeleg fordelt på spelestadane Park Hotel Vossevangen, Gamlekinoen og Osasalen (på Ole Bull Akademiet) og vert delt inn i ulike vaktlag med kvar sin klubbsjef/arrangementsansvarleg.

Jazzvertane er den største enkeltgruppa av frivillige på festivalen og består av ei god blanding av nye og meir røynde jazztravarar.

Artistvertskap
Som artistvert (AV) får du ansvaret for ein eller fleire artistar/band under heile deira opphald på festivalen. Du skal sørge for at dei har det bra og har alt dei treng, og løyse eventuelle utfordingar undervegs. Men slapp av, det er utarbeidd ein detaljert plan for AVane! Dette er ein jobb med ein del ansvar og mykje moro. Det hadde vore fint om du er over 18 og har førarkort.

Transport
Transporten har to stillingar: sjåfør og koordinator.

Sjåførar køyrer artistar til og frå Flesland. Du må så klart ha førarkort, og du må vere ein trygg og sikker sjåfør. Festivalen held både bilar og drivstoff. Dei fleste turane går med vanleg personbil, men det vert også nokre minibussturar for dei som har rett type førarkort.

Transportkoordinatorane held styr på transportoppdraga, følgjer med på om flya til og frå Flesland er i rute og gjer endringar i planane når det er naudsynt. Jobben krev at du kan føte deg på ei datamaskin og ringe med ein telefon, men førarkort er ikkje naudsynt.

Dekor
Som dekormedarbeidar får du jobba med den visuelle profilen til Vossa Jazz, og med det skapa eit godt miljø rundt festivalen.

Dekorjobben byr på spanande og varierte oppgåver som å dekorere scener, billett- og festivalkontor, samt å laga og setja opp skilt, plakatar, vimplar og annan visuell og nyttig informasjon kring konsertane inne og ute. Dekor set farge på Vossa Jazz!

Pressevertar
Festivalen skal dekkast av eit utal aviser, andre media og like mange journalistar. Pressevertane skal syta for at media får god informasjon om arrangement og konsertar, at dei får oppdateringar fortløpande og at heimesidene til Vossa Jazz alltid inneheld rette opplysningar. Me treng folk som er fleksible, kreative, ikkje redde for datamaskiner, er serviceinnstilte og skrivekunnige (nynorsk) – folk som vil at Vossa Jazz skal syna att i media!

I pressestaben har me òg eit filmcrew, og om du ynskjer å vera med her søker du Pressevert og skriv ein merknad om det. Vossa Jazz er ein sprellande og levande festival, noko som tek seg godt ut på film! Me er difor på utkikk etter flinke filmfotografar, filminteresserte og filmklypparar som vil vera med og fanga festivalens mange fargerike stunder for å produsere innhald til ei hel rekkje ulike sosiale media, format og interne samt eksterne kanalar!

Sjau
Sjau er festivalen sin lim, smurning og ryggrad. Som sjauar blir du del av ein lystig gjeng som kan ta i eit tak eller tre. Du treng ikkje vere 18. Du må kunne løfte ein gitar, men treng ikkje kunne løfte eit flygel på eigahand.

Andre departement
Normalt etter avtale, bruk kommentarfelt og søknadskategorien «Andre» for å søke på desse jobbane:
Badnajazz – Catering – Superjazz 


Oppgåver og plikter

Dette får du som medarbeidar:

Medarbeidararmband
Med dette kan du få oppleva konsertar når du har fri og dersom det er ledig kapasitet. Plassbillettar gjeld ikkje saman med medarbeidararmband. Det er 18 års aldersgrense på Park etter kl. 21.00.

T-skjorte
Denne må du ha på deg når du er på jobb for festivalen.

Mat
Du får litt å bite i medan du er på jobb for festivalen. Du kan òg kjøpa burger og Vossa Jazz-pølse frå grillen ved Gamlekinoen til svært gode prisar.

Forsikring
Vossa Jazz har medarbeidarforsikring for alle frivillige, gjeld medan du er på jobb for festivalen.

Tilbod om overnatting
Tilbod om rabattert overnatting og god frukost på Voss Vandrarheim.

Attest
På førespurnad kan du få ein arbeidsattest etter festivalen.

Mykje moro! Og sikkert nokre nye gode vener.

Dette må du som medarbeidar syte for:

Kontaktinfo
Rett kontaktinfo, slik at me lett kan nå deg dersom me har beskjedar.

Instruksar
Du må gjera deg kjend med medarbeidarinstruks, vaktlister og anna informasjon du får.

Bruk t-skjorta
Bruk t-skjorta du får utdelt når du er på jobb, ikkje når du har fri under festivalen.

Alkohol
Det er ikkje tillate å nyta alkohol eller andre rusmiddel når du er på jobb for Vossa Jazz.

Sikkerheit
Sikkerheit er eit felles ansvar. Orientér deg også om brannsløkkingsutstyr og rømmingsvegar der du jobbar.

Omdømme
Når du er på jobb/har på deg medarbeidar-t-skjorta vert du oppfatta som ein representant for Vossa Jazz. Me er glade for at du gjer ditt for at Vossa Jazz blir ei positiv oppleving for publikum, gjester, artistar og andre medarbeidarar.

Tal arbeidstimar og korleis arbeidet er organisert, avheng av kva jobb du har. Du bør rekne med rundt 15 timars arbeid gjennom festivalen.


Vossa Jazz jobbar aktivt og målretta for å fremja likestilling, hindra diskriminering og førebyggja seksuell trakassering. 

God skikk og bruk i Vossa Jazz:

  • Eg er kjend med kva som kan vere seksuell trakassering og diskriminering, og eg skal unngå å trakka over andre sine grenser. 
  • Eg er klar over eigne privilegium og tenkjer over eigne fordeler i samfunnet. 
  • Eg er bevisst eigne og andre sin(e) rolle(r), makt og grenser. 
  • Eg er bevisst korleis spøk, humor og kompliment kan bli oppfatta ulikt og er varsam med å bruka kallenamn på andre, og på å kommentera andre sin utsjånad.  
  • Gruppebaserte skjellsord skal ikkje brukast på vår festival.  
  • Eg unngår å tillegge folk eigenskapar på grunn av kjønn, kjønnsuttrykk, seksuell orientering, funksjonsevne, hudfarge, kulturell og religiøs tilhøyre. 
  • Eg har eit bevisst forhold til inntak av alkohol i jobbrelaterte settingar. 


Alle som deltek på Vossa Jazz skal ha ei trygg oppleving. Sjå her for lenke til informasjon om korleis du kan melda frå om uønskte hendingar når du er engasjert på Vossa Jazz.


Her kan du sjå film om og av nokre av dei gode medarbeidarane våre på Vossa Jazz 2023:

Og her kan du sjå medarbeidarfilmar frå tidlegare festivalar:


Laga av Terje Nesthus:

Laga av Terje Nesthus:

Laga av Terje Nesthus:

Laga av Anders Flatlandsmo:

Laga av Dag Sandvik og Terje Nesthus:

Laga av Terje Nesthus:

Laga av Terje Nesthus: