Lastar Hendingar
Teikning: Marvin Hallelraker
Teikning: Marvin Hallelraker

Heim med Joni

I 1882 utvandra oldeforeldra til Joni Mitchell frå Modalen til Canada. I år tek Vossa Jazz den legendariske artisten heim til Vestlandet med ein stor hyllingskonsert!

Joni Mitchell laga ei rekke kvalitetshits i si nær 50 år lange karriere som plateartist, og dette er sjansen til å få høyra eit knippe i nynorsk språkdrakt.

Forfattarar som Frode Grytten, Agnes Ravatn, Linda Eide, Marit Eikemo og Ragnar Hovland har gjendikta nokre av Joni Mitchell sine aller finaste songar.

Mitchell, som har inspirert artistar verda over, kjem til å bli ståande som ei av dei store i moderne populærmusikk. Ho er innlemma i Rock and Roll Hall of Fame, og musikkmagasinet Rolling Stone kallar Mitchell “ein av dei største låtskrivarane nokonsinne”.

Musikken er sjangeroverskridande og hevar seg over merkelappar som pop, rock og visesong. På 1970-talet orienterte Mitchell seg også mot jazz, og ho har arbeidd tett med jazzartistar som Pat Metheny, Wayne Shorter, Jaco Pastorius, Herbie Hancock og Charles Mingus.

Heine Bugge – kapellmeister, trekkspel, vokal
Sigbjørn Apeland – tangentar, vokal
Halvor Folgerø – bass, vokal
Annlaug Børsheim – gitar, fele, vokal
Kåre Opheim – perkusjon, vokal
Sjur Folgerø – gitar
Åse Britt Reme Jakobsen – vokal
Kjersti Mjør – forteljar

 

English
In 1882 Joni Mitchell’s great-grandparents emigrated from Modalen outside Voss to Canada. Now, her music is finally home again, with lyrics reinterpreted by some of Norway’s most important writers in nynorsk, the written language of western Norway.