Lastar Hendingar
Foto Arne Bru Haug

Cloroform

  • Denne hending er over.
laurdag 9. april

Kl 21:30

I over 20 år har Cloroform bobla over av progressiv, kontroversiell og utfordrande musikk som ikkje let seg fange av sjangerkategoriar. Med røter i jazz og med eit ynskje om å eksperimentera utover i eit elektronisk, punkete rockelandskap, let Cloroform som ingen andre band. Kontrabass, trommer og clavinet med full turbo og eit skyhøgt energinivå.

Hausten 2021 slapp bandet eit storstilt albumprosjekt prega av overflod, kreativitet og underfundige lydbilete: 37 korte komposisjonar vart sleppt direkte frå studioet deira på vekers basis, før det heile vart samla i ein heilskap i form av albumet OVERTREDELSE.

«Disse låtene er neppe det viktigste i verden akkurat nå, men vi tror også at musikk har evnen til å bringe energi, galskap, visdom, sannhet og lys inn i livene våre i disse vanskelige tidene. Vi håper denne musikken kan gi lytteren mening og hjelpe deg med å løse dine indre frustrasjoner,” seier Storesund.

Anført av John Erik Kaada på vokal og dupedittar, med solid backing av produsent og stjernetrommis Børge Fjordheim og frijazz-bassisten Øyvind Storesund er Cloroform like brennheite som dei var ved debuten i 1998. På med styrthjelmen for ein musikalsk berg- og dalbanetur!

Kaada — clavinet
Øyvind Storesund — bass
Børge Fjordheim — trommer

Konserten inngår i billetten Huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

English
Cloroform has a wide open approach to improvisation, and draw on a broad range of influences in their music – jazz, punk, electroacoustic and noise. Through the use of extended techniques and 20 years of playing together, they have eliminated the traditional roles of different the acoustic instruments, and explore the outer areas of music. Music from the edge of reasonable. Their new album OVERTREDELSE is by no doubt their most definitive and true piece of work.