Generell medarbeidarinformasjon

Her finn du generell informasjon om medarbeidarjobben.  I tillegg vil du få tilsendt spesifikk informasjon om dine oppgåver frå departementssjefen din.


DETTE FÅR DU SOM MEDARBEIDAR / FRIVILLIG:

  • Frivillig-armband. Dette bandet gjev tilgang til alle arrangement der det er ledige plassar. NB! medarbeidarar har diverre ikkje høve til å kjøpa plassbillettar til konsertane. Dersom det er ein konsert du absolutt vil høyra, må du kjøpe såkalla enkeltbillett for å vera sikra plass.
  • T-skjorte. Denne har du på deg når du er på vakt / jobb. Når du går på konsert utanom arbeidstid, har du på deg noko anna. T-skjorta skal nyttast igjen dei neste 3-4 festivalene, så me ber deg om å ta godt vare på ho fram til neste festival.
  • Eigen Frivillig-HUB. Her vert det servert mat og drikke til alle frivillige som er på jobb. Dette vert ein stad å møtast i pausa når ein er på jobb.
  • Medarbeidarfest sundag kveld (aldersgrense 18 år).
  • Mykje moro, nyttige arbeidserfaringar og nye vener!


DETTE FORVENTAR ME AV DEG SOM MEDARBEIDAR:

  • Du møter opplagt, presis og edru på jobb.
  • Du veit kor og når du skal jobba og kven som er din næraste overordna.
  • Du er blid og lett å samarbeida med.
  • Du tar initiativ, tenkjer sjølv og er proaktiv.

REGISTRERING
Registrering og utdeling av armband finn stad på akkrediteringskontoret til Vossa Jazz, i vestenden på Park hotell. Kjem du utanom opningstida, lyt du venta til neste dag. Hugs at det fort vert kø fredagen, og at det difor er lurt å gjera dette allereie torsdagen. Hugs legitimasjon.

Opningstider akkreditering:

  • Torsdag 15 -21
  • Fredag   10 – 21
  • Laurdag 10 – 21
  • Sundag  10 – 15

Ved akkreditering kan du få svar på praktiske spørsmål kring festivalen. Programmet til Vossa Jazz finn du i appen Broadcast. Me anbefaler alle å laste ned denne.

Armbandet er billetten din for å koma inn både når du jobbar, går på konsert, når du skal inn på Frivillig-HUBen og når du skal vera med på medarbeidarfesten.

Fredag 11.april kl. 16.45 er det informasjonsmøte for alle medarbeidarar i Vossajuvet på Park hotell.

MEDARBEIDARMAT
Du kan kjøpa grillmat (burger, pølse og vegetarburger) til medarbeidarprisar hjå Vossakjøt som har serveringa utanfor Gamlekinoen. I tillegg har du tilbod om gratis mat og drikke i Frivillig-HUBen når du er på jobb. FrivilligHUBen ligg i Turistinformasjonen sine lokaler i Gondolbygget, og har følgjande opningstider:

Torsdag 10/4: 15:00 – 22:00

Fredag 11/4: 12:00 – 22:00

Laurdag 12/4: 12:00 – 22:00

Sundag 13/4: 12:00 – 18:00

OVERNATTING PÅ VANDRARHEIMEN
For dei som har lagt inn dette i søknadsskjemaet, er prisen 200,- per pers per natt inkl. frukost. Prisen gjeld overnatting på 4-6-manns rom med dusj og do.

ARBEID
Kvar medarbeidar får informasjon frå sin departementssjef om kva vakter ein skal ha, og kva for oppgåver som skal gjerast. Me set stor pris på om du er fleksibel på evt. å byte vakt / arbeidsstad, dersom det vert behov for det.

DETTE MÅ DU OGSÅ VITA OM JOBBEN

  • Som medarbeidar er det viktig at du kjenner programmet slik at du kan svara på spørsmål frå publikum. Last ned appen Broadcast og følg programmet der.
  • All kontakt med presse skjer via administrasjonen ved Silje Halstensen. Du som medarbeidar skal ikkje uttala deg på vegne av festivalen.
  • Om du får arbeid du ikkje er komfortabel med å gjennomføra, gjer du beskjed til departementssjefen din.
  • Me legg til rette for trygge og gode arbeidstilhøve, men det er samstundes viktig at du også sjølv tenkjer HMT (helse, miljø,tryggleik) når du er på jobb.

Fyrstehjelp og handtering av akutte hendingar

Referat frå fyrstehjelpsinstruksjon v/ Røde Kors på rådsmøtet 23/3-25:

  • Alle frivillige må lasta ned 113-appen på telefonen sin
  • Hugs alltid eigen sikkerhet (fulle folk, slåsskamp) inn i ein skadesituasjon
  • 113:
    • Opplys om kven som ringer – kvar du er – kva som har skjedd
    • Alltid ringe ved:
      • bevisstlaus pasient uavhengig av tid hen har vore bevisstlaus
      • bleik, kald, klam
      • pustevanskar
  • Legevakt Tlf 116117:
    • Opplys om kven som ringer – kvar du er – kva som har skjeddRing ved
    • Alltid ring ved:
      • Usikkerhet om kva som er skjedd //
  • Desse oppgåvene kan vera aktuelle for deg som medarbeidar:
    • Stoppe større blødningar
    • Sikre frie luftvegar
      • Hakeløft ved hodeheng
      • Fjerne fremmedlegeme
      • Sjekke pustefrekvens – kjenn på magen, hold handa foran munnen
      • Puls:
        • Ta pulsen på tommelsida av håndleddet
        • Halsen
        • Lysken
  • Fjerne pasient frå lokalet / konserten
    • Her må kvart einskild tilfelle vurderast ut i frå alvorlegheitsgrad
    • Ved mindre alvorlege hendingar: Ikkje stoppe konsert, men fjerne pasient frå lokalet
    • Ved hjertestans / alvorleg hending = stoppe konsert
      • Lokalitet hjertestartar? 113 appen
    • Ved fall i trapp: hodeskadar er det mest alvorlege. Ring alltid legevakt ved slag mot hodet.
    • Ved rusmidler – spør kva slags rusmiddel / kor mykje vedkommande har teke
      • Giftinformasjonssentralen: Tlf 22 59 13 00

Me vonar at me alle kan ha det kjekt i lag som medarbeidarar. Skulle du oppleva uønska atferd frå festivalgjestar, medarbeidarar, administrasjonen eller andre, ta kontakt med departementssjefen din.
Du finn også skjema for registrering av uønska hendingar her: 
https://vossajazz.no/opplever-du-uonskte-hendingar-pa-festivalen/

Tusen takk for at du vil bidra til årets festival. Utan deg og alle dei andre frivillige medarbeidarane våre, har me ingen festival. Tusen takk! -Hugs at nettopp DU betyr mykje for dei gode opplevingane me ynskjer å gje alle som er til stades under Vossa Jazz.