Lastar Hendingar
Foto: Inge Schreuder-Lindløv

DJ Love Machine

  • Denne hending er over.
fredag 8. april

Kl 23:59

Mange jazzelskarar har Paal Nilssen-Love trygt plassert på lista over yndlingstrommisar, og dei fleste har høyrt han slå frå seg i band som Atomic, Element, The Thing eller i samspel med artistar som Ken Vandermark, Joe McPhee, Peter Brötzmann, Arild Andersen, Jon Balke eller Bugge Wesseltoft. Men det er ikkje alle som veit at han er ein fantastisk platesnurrar òg!

Som konstant turnerande musikar verda over har Paal (aka DJ Love Machine) vore innom ein god del platesjappar opp igjennom, og som DJ er han kjend for å dra fram vinylgodbitar frå alle verdshjørne i setta sine, med spesielt fokus på land som Etiopia, Columbia, Brazil og USA.


Konserten inngår i billetten Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.


 

English
Most music lovers know Paal Nilssen-Love as a superb drummer in groups such as Atomic, Element or The Thing and with artists like Ken Vandermark, Joe McPhee, Peter Brötzmann, Arild Andersen, Jon Balke and Bugge Wesseltoft. His hidden superpower is DJ’ing, under the moniker DJ Love Machine! With a rich, eclectic and groovy vinyl collection built up through extensive touring and record store visits all over the world!