Energisk og melodiøs frijazz på sitt beste!
Den norsk-svenske kvintetten Friends & Neighbors, som har teke namnet sitt frå ei Ornette Coleman-plate, har berre blitt betre og betre sidan oppstarten i 2008. På femtealbumet The Earth is # frå 2021 maktar bandet på storarta vis å kombinere arven frå den energiske 60-tals-frijazzen med meir kontemporære element.
Dei har alltid vore strålande musikarar, men etter så mykje fartstid saman er det dynamikken og det fantastiske samspelet som hevar bandet til uante høgder. Dette skreiv Arild R. Andersen (Jazz i Norge) i ei omtale av den nye plata, under tittelen «Med kvalitet i alle ledd»:
– Bandet bygger lange strekk med dyp respekt for tradisjon, og det låter både vitalt og dagsferskt. Som om de har absorbert alt det essensielle ved de siste 70 årene av jazzhistorien og porsjonerer ut med største selvfølgelighet.[…] Jeg lar meg ikke overraske over den høye kvaliteten. Lar meg først og fremst glede over et band som har modnet sammen, som holder seg i bevegelse og har blitt et av euro-scenens fineste.
Dette er forfriskande musikk som spenner frå melodiøse balladar til hardtsvingande free-bop og kraftfulle frijazzutblåsingar, med referansar til artistar som Ornette Coleman, Archie Shepp, Pharoah Sanders, John Carter og Eric Dolphy.
Thomas Johansson – trompet
André Roligheten – tenorsaksofon/bass klarinett
Oscar Grönberg – piano
Jon Rune Strøm – kontrabass
Tollef Østvang – trommer
Friends & Neighbors er nominert til Spellemann for The Earth is # !
Konserten inngår i billetten Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.
English
Energetic and melodious free jazz at it’s best! Friends & Neighbors, who took their name from a record by Ornette Coleman, has reached new heights on their fifth album Earth is # from 2021. This is refreshing music, spanning ballads, hard bop and everything in between, with references to artists such as Archie Shepp, Pharoah Sanders, John Carter and Eric Dolphy.
– Friends and Neighbors expressed Ornette’s affection for the people who lived near his Prince Street loft; these guys write and play like they like each other, which results in a chemistry that’s hard to resist. – (Bill Meyer, Dusted Magazine).