«Nokre pianistar nærmar seg instrumentet som ein katedral, men for Courvoisier er pianoet ein leikeplass!», skreiv den amerikanske jazzskribenten Kevin Whitehead om Sylvie Courvoisier ein gong.
Den sveitsiske pianisten har fått mykje og velfortent åtgaum for å balansera to ulike musikalske verder i spelet sitt: Musikken hennar har tydelege djupe røter i den europeiske kammermusikken, samstundes som inspirasjonen frå den meir groovy og leikne jazzscena i New York – der ho har budd dei siste 20 åra – også er tydeleg til stades.
Saman med den virtuose trioen sin gav ho ut albumet Free Hoops i 2020, med ei fantastisk blanding av mystisk, draumeaktig måneskinsjazz og meir gladlynte, groovy swingreferansar. I tillegg til trioen er Courvoisier kjend for eit langvarig samarbeid med fiolinist Mark Feldman og samspel med artistar som John Zorn, Wadada Leo Smith, Evan Parker, Ikue Mori og Mary Halvorson.
Sylvie Courvoisier – piano
Drew Gress – bass
Tom G. Rainey – trommer
Konserten inngår i billetten Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.
English
A Jazz critic once observed: «Some pianists approach the instrument like it’s a cathedral – Sylvie Courvoisier treats it like a playground.” The Swiss pianist has earned just renown for balancing two distinct worlds: the richly detailed depth of her European chamber-music roots and the grooving, hook-laden sounds of the downtown jazz scene in New York City, her home now for two decades.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookies
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.