Lastar Hendingar

Jon Balkes Siwan

  • Denne hending er over.
fredag 8. april

Kl 18:00

Siwan er eit internasjonalt musikalsk prosjekt, som vart starta av komponist og jazzlegende Jon Balke. Den mest sentrale inspirasjonskjelda til prosjektet er Al-Andalus, perioda frå 711 til 1492 då den iberiske halvøy var under muslimsk styre, men kristeleg, jødisk og islamsk religion levde side om side.

Komponist Balke tek utgangspunkt i dikt frå denne tida, og saman med dei andre musikarane fantaserer han fram eit samansett musikalsk uttrykk basert på den fleirkulturelle og -religiøse historiske perioden. Her møtast renessanse og barokk, tradisjonsmusikk frå Maghreb og Persia og jazzmusikk, utan at det her er snakk om ei stiv, akademisk tilnærming: Musikken er fersk og fri, framført av eit kollektiv av kreative og sterkt individuelle musikarar.

Siwan er ei musikalsk eventyrreise, med ein rik, historisk bakgrunn og nokre grunnverdiar som vert spegla i komposisjonar og musisering: Samarbeid, toleranse og sameksistens.

Siwan var i utgangspunktet eit bestillingsverk for den multikulturelle scena Cosmopolite i Olso i 2007, men fekk vidare liv gjennom ei lang rekke konsertar på internasjonale konsertscener og festivalar, og ECM-utgjevingane Siwan (2009) og Nahnou Houm (2017).

Mouna Boutchebak – vokal (Algerie/Marseille)
Jon Balke – komponist, tangentar (Noreg)
Bjarte Eike – barokkfiolin (Norge/Danmark)
Derya Turkan – fiolin (Israel)
Pedram Khavar Zamini – tombak, zarb (Iran)
Helge Norbakken – perkusjon (Noreg)
Barokksolistene – strykeorkester (Noreg): Per Buhre, Johannes Lundberg, Johannes Skyberg, Laima Olsson, Mime Brinkmann, Jonny Byers, Naomi Burrell, Flora Curzon


Emily Nailor lagar podcast om Siwan! Det vert sleppt episodar kvar torsdag frå 17. mars. Her er lenke: https://shows.acast.com/the-siwan-project


Før konserten opnar forfattar Randi Fuglehaug den 49. festivalen med nyskriven tekst!


English
Siwan is a musical orchestral project, initiated and composed by the norwegian composer and musician Jon Balke, and is developed in cooperation with the musicians in the performing group.
Siwan is a musical imagination inspired by the poetry of Al Andalus, sung in arabic.

Siwan points to plausible links between the three-religion culture of Al Andalus and important phases of European Culture like the Renaissance and Baroque. The music departs from similarities in musicianship in contemporary players from different traditions, like Baroque, Maghreb, Persian traditional and Jazz traditions, but is not academic or historical in itself. The music is a new creation performed by a collective of creative and strongly individual players.

 

Randi Fuglehaug, Foto Front Film / Jon Hunnålvatn Tøn