Lastar Hendingar

Marius Klovning solo

laurdag 9. apr kl 12:00

Voss sin eigen Marius Klovning fyller Finnesloftet med klangen av sitkagran, mahogny og stålstrengar! Med opne stemmingar og sin spesialbestillte, norskbygde Strand-gitar tek Klovning oss med på ei personleg reise med melodisk og filmatisk musikk i grenselandet mellom blues, jazz og norsk folkemusikk.

I tillegg til å spele i band som Hullyboo og Skadedyr, har Klovning gjeve ut to album med eigenkomponert musikk: Hagebyen i 2018 og Late Nights, Early Mornings i 2021. Den siste er gitt ut på CD over heile verda av det kjende plateselskapet “Naxos” og fekk blant anna 5/6 stjerner av Arvid Skancke-Knutsen i Klassekampen.

 

OBS! Få plassar! Gjester med festivalpass og dagskort må kjøpe plassbillett.

 

English
Norwegian guitar player and composer Marius Klovning is known for groups such as Hullyboo, Skadedyr as well as his solo project. The latter has resulted in two great albums: Hagebyen (2018) and Late Nights, Early Mornings (2021). He comes to the festival with his specially built acoustic guitar and self composed instrumental music inspired by blues, jazz and Norwegian traditional music.

Les meir om: