Lastar Hendingar
Foto Marthe Amanda Vannebo

Ola Kvernbergs Steamdome

  • Denne hending er over.
fredag 8. april

Kl 23:59

Då Steamdome sitt debutalbum dundra gjennom lydmuren for fire år sidan hagla det lovorda frå presse og publikum. Med hardtslåande prog-house-jazz-klubbmusikk hadde felevirtuos Ola Kvernberg og det fantastiske bandet skapt noko unikt, spanande og dansbart. Utselde konsertar, fleire høgthengande prisar og ei topp-ti-plassering på lista over Noregs mestselgande vinylplater følgde.

På «Steamdome II: The Hypogean» stiller Ola Kvernberg med eit enno meir blodtrimma mannskap enn sist, same skamlause forhold til sjangermiks og eit nyvunne ynskje om å røska deg ut or hiet og gje deg ein time musikkterapeutisk fri frå pandemi og globale katastrofar generelt.

Der debutalbumet sitt dogme var reindyrka, organisk, perkussiv musikk, stiller The Hypogean med synthar, trommemaskiner, preparert piano, harper, pumpeorgel og vokal. Med ein jazzmusikars utålmodige DNA og ein filmkomponist sin teft for konsept og drama, er det nemleg aldri eit alternativ for Ola Kvernberg å resirkulera seg sjølv. På sisteplata går musikarane ut av sine vante rollar, og det er berre å gleda seg til eit fyrverkeri av ein konsert i Vossasalen!

Ola Kvernberg – fele og anna moro
Erik Nylander – trommer, perkusjon
Olaf Olsen – trommer
Martin Windstad – trommer, perkusjon
Nikolai Hængsle – bass, gitar
Øyvind Blomstrøm – gitar
Daniel Buner Formo – tangentar  

 

Steamdome II: The Hypogean er nominert til Spellemann i to klassar, Alternativ pop/rock og Årets utgivelse!

 


Konserten inngår i billetten Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

 

English
Fiddle virtuoso Ola Kvernberg and the great Steamdome band creates hardhitting, danceable and exciting music combining elements from prog, house, jazz and club music. This is genre defying musical therapy for pandemic fatigue, delivered by some of Norway’s best musicians!