Ungdomssatsinga Yngdajazz

Ungdomssatsinga til Vossa Jazz, YNGDAJAZZ, starta hausten 2007 i samarbeid med Voss kulturskule, Voss Rockeklubb og Voss skulemusikk. Det har vore tilbod om individuell opplæring på gitar, piano, trommer og saksofon og ikkje minst samspelgrupper gjennom året – i tillegg til ulike verkstader.


Yngdajazz 2023 – noko av programmet…:

Fredag 13.00 Park, Jazzklubben

Fredag frå 15.30 Kabinane til Voss Gondol

Fredag 16.30 Hangurstoppen Restaurant

Jazzlinja i Trondheim: HELLO WORLD!

Hallo…!
Haaallooo…?
HELLO WORLD!
Våren 2023 inviterer andreklasse på Jazzlinja ved NTNU til ei høgspent musikalsk oppleving!
Den digitale verda sitt inntog i kvardagen og kunsten påverkar oss som aldri før. Alle desse kalde, kjenslelause «nullane og einarane» har paradoksalt nok skapt nye musikalske uttrykk som resonnerer med menneske over heile verda.

Greier HELLO WORLD! å koma den digitale utviklinga i møte gjennom jazz, leiken improvisasjon og ungdommeleg energi? Den som kjem får sjå!

Medverkande:
Albert Støver Rygh – gitar, Anna Ueland – piano, synth, Bendik Løland Lundsvoll – kontrabass, Brede Sørum – saksofon, Emil Bø – trombone, Guro Kvåle – trombone, Hermann Arntzen Hestbek – tuba
Inga Mei Steinbru – trommer, perkusjon, Johannes Midbrød Elnan – kontrabass, el-bass, Niklas Heide – trommer, perkusjon. Odin Kristian Fiskvik – gitar, Oliver Skou-Due – piano, synth, Siv Aurlund – vokal
Tuva Viktoria Lundberg Olsson – trompet


Fredag 15.30 Voss Sparebank

Timber

Studentane i Nordisk master i folkemusikk 2021-2023 dannar bandet Timber. Med medlemmer frå Baskerland i sør til det nordlegaste Sverige utgjer gruppa ei interessant samansetting av menneske, instrument og erfaringar. Dei har alle samla seg rundt den tradisjonelle folkemusikken frå dei fire nordiske landa, men musikken dei spelar saman vert tydeleg prega av deira individuelle og breie musikalske bakgrunnar.

I Timber sitt repertoar finn du både tradisjonelle tonar dei har møtt på sine reiser, samt eigne komposisjonar, improvisasjonar og arrangement. Kvar låt Timber tek fatt på vert forma av deira leikelystne temperament! Som dei skriv i presseskrivet sitt:

Med leikent samspel set Timber fyr på alt frå ein roleg peis, til eit viltbrennande bål og ei stor treskute til havs!

Medverkande:
Barbara Ardenois (Belgia) – akkordeon, Inga Freyrsdóttir (Spania) – fløyte, blåseinstrument, Timmy Gasslander (Sverige) – gitar, Ronja Grafström (Sverige) – vokal, Johannes Kölbl (Austerrike) – diatonisk trekkspel, Markus Mattsson (Sverige) – klarinettar, blåseinstrument


Laurdag 11.45 Gamlekinoen, foajeen

Griegakademiet: Masseh

«Masseh» heiter bandet – dette er jazzstjernene av i morgon! Dei kjem frå jazzlina på Griegakademiet i Bergen, og har eit unikt mangfald av referansar og bakgrunnar, noko som fører til spanande og uventa musikalske vendingar.

Konserten deira består av ny musikk dei har komponert sjølve, og det vil vera noko for einkvar smak. Dei seks musikarane i bandet har masse energi og kjærleik til musikken sin, som dei gler seg til å dela med Vossa Jazz-publikummet. Ver klar for å bli sjarmert av denne unge, lovande gruppa!

Medverkande:
Halvor Anspach Thormodsæter – trommer, Adrian Olsen – piano, synth, Sofia Guidi – vokal, Erlend Markhus – bass, Martin Borge – gitar, Symre Taugbøl Bang – gitar