This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.


Jazzintro: Bento Box
- Denne hending er over.
Bentoboksar – japanske matboksar med separate rom inni – er forseggjorte og fargerike, og innhaldet er gjerne noko meir smakfullt og spanande enn det den norske matpakka kan by på. Slik er det med trioen Bento Box òg. Musikarane møttest på jazzlinja i Trondheim hausten 2019, og har i løpet av dei siste åra jobba tett saman med å utforska trioformatet og den utradisjonelle akustiske instrumentsamansetjinga. Med improvisasjon i sentrum hentar musikken impulsar frå klassisk tradisjons- og samtidsmusikk såvel som den frie jazzen – frå det skjøre og melankolske til det intense og insisterande. Variert og lekkert, med andre ord. Akkurat som ein god lunsj.
Tuva Halse – fiolin
Benjamín Gísli Einarsson – piano
Øyvind Leite – trommer
Jazzintro er eit lanseringsprogram der åtte utvalde band konkurrerer om tittelen Årets unge jazzmusikere 2022. Jazzintro arrangerast av Norsk jazzforum og dei fem festivalane Vossa Jazz, Maijazz, Nattjazz, Kongsberg Jazzfestival og Moldejazz, med Gramo og Talent Norge som partnarar i prosjektet. Til Vossa Jazz kjem Bento Box og Munch Trio.
Konserten inngår i billetten Huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.