Billettar, informasjon


Kjøp billett her


DU KJØPER BILLETTAR TIL VOSSA JAZZ HJÅ TICKETCO

Billettane kan du skriva ut og ta med, eller bruka QR-koden du får tilsendt, den scannar me i døra.

Har du prøvd TicketCo Wallet?
Last ned appen hjå App Store eller Google Play. Her kan du kjøpa og lagra billettar, motta meldingar osb. Dersom du allereie har ein brukar hjå TicketCo loggar du inn med den, dersom ikkje kan du registrere deg i appen.

OPPLEVER DU PROBLEM MED Å FÅ GJENNOMFØRT KJØP (BETALING) PÅ MOBIL?
Prøv nettbrett eller datamaskin! Ev. last ned appen.


BILLETTSAL UNDER FESTIVALEN

Me oppmodar alle om å kjøpa billettar på førehand! Me har likevel ope billettkontor i Vangsgata 6 (Vossa Jazz sitt kontor) under festivalen og sel billettar dersom ledig kapasitet. Her byter du òg festivalpass og dagskort i armband.

Opningstider 2024 er: 

Fredag 22.mars kl 12:00-20:00

Laurdag 23.mars kl 10:00-20:00

Sundag 24.mars kl 11:00-18:00

INFORMASJON OM DEI ULIKE BILLETTYPANE VÅRE PÅ VOSSA JAZZ 

Enkeltbillett  
Det vert selt enkeltbillettar til dei fleste konsertane. Frå kl. 20.00 fredag og laurdag er det éin felles billett for alle konsertane på Park = huskort. Med enkeltbillett er du sikra plass fram til 10 min. før konsertstart. Enkeltbillett gjeld òg som plassbillett. 

Huskort  
Gjeld alle konsertane på Park frå kl. 20.00 fredag og laurdag. Du kan ikkje kjøpa enkeltbillett til desse konsertane. Ver merksam på at det er avgrensa kapasitet i kvart konsertlokale, men det vil alltid vere ledig kapasitet på minst éin av konsertane. Det er aldersgrense 18 år nede på Park, og 20 år oppe. 

Dagskort  
Gjeld alle konsertane den aktuelle dagen dersom ledig kapasitet. Du kan i tillegg kjøpa plassbillett til nokre av konsertane (sjå under). Hugs å byta billetten i armband på billettkontoret under festivalen. 

Festivalpass 
Gjeld alle konsertane på festivalen dersom ledig kapasitet. Du kan i tillegg kjøpa plassbillett til nokre av konsertane (sjå under). Hugs å byta billetten i armband på billettkontoret under festivalen. 

Plassbillettar 
Gjeld gjester med festivalpass og dagskort
Til nokre konsertar kan gjester med festivalpass og dagskort kjøpa plassbillett for å vera sikra å koma inn. Denne garanterer plass fram til 10 min. før konsertstart. 


ALDERSGRENSE

Det er 18 års aldersgrense nede på Park etter kl. 20.00 fredag og laurdag. Aldersgrense 20 år 


BILLETTAR TIL FØLGJE (LEDSAGER)

Dersom du har rett til følgjebillett på festivalen må du ta kontakt med Vossa Jazz, dvs. sende ein e-post til ingrid@vossajazz.no seinast 15. mars med informasjon om kva konsert(ar) du ynskjer billett til. Den som har følgjekort må kjøpa billett til vanleg pris. Atterhald om ledig kapasitet.

Gyldig følgjekort må visast fram i døra.

Det er fritt seteval på Vossa Jazz.


YNSKJER DU Å GJE EI KONSERTOPPLEVING I GÅVE? ME HAR GÅVEKORT!

Ein kan bruka gåvekortet ved kjøp av billettar til festivalen eller andre konsertar Vossa Jazz skipar til. Sjå her for meir informasjon.


VILKÅR

Kjøpte billettar vert ikkje refundert, unntatt ved ev. avlysing. Sjå under.

Avlysing
Arrangøren (Vossa Jazz) har rett til å avlyse tilskipinga. Ved avlyst tilskiping blir billettar, med frådrag for billettavgift, refundert. Billettkjøpar kan ikkje setje fram andre krav enn dette. Avlysing i ein force majeure-situasjon vert regulert i sin heilheit av force majeure-punktet under, med unntak av avlysing grunna covid-19. Då vert kjøpte billettar refundert.

Force majeure
Som force majeure er ekstraordinære situasjonar som ligg utanfor Arrangøren sin kontroll og som i vesentleg grad vanskeleggjer rasjonell gjennomføring av tilskipinga eller oppfylling av andre plikter etter avtalen (irekna, men ikkje avgrensa til, orkan, tsunami, krigsutbrot, terrorangrep, pandemi, epidemi, brann, streik, samfunnstruslar som inneber restriksjonar, pålegg, anbefalingar eller liknande frå myndigheitene, landesorg, flaum, storm, naturkatastrofe).

Verknad av force majeure: Ved force majeure vil Arrangøren sine plikter ovafor billettkjøparen falle bort, irekna Arrangøren sitt ansvar for gjennomføring av tilskipinga, billettkjøparen sin eventuelle rett til refusjon av billettpris samt billettavgift, erstatning eller prisavslag. Billettkjøparen kan heller ikkje setja fram andre krav mot Arrangøren.

Varsling: Om Arrangøren vil gjera force majeure gjeldande skal billettkjøparen bli varsla om det utan ugrunna opphald til billettkjøparen si oppgitte e-post-adresse. Dersom billettkjøparen ikkje har registrert e-post-adresse i samband med kjøpet fell Arrangøren si varslingsplikt bort.


Kjøp billett her