Lastar Hendingar

Griegakademiet

  • Denne hending er over.
fredag 8. april

Kl 16:30

Ei skikkeleg god blanding, både i form av inspirasjonskjelder, instrument og musikalske innfallsvinklar – sterk kollektiv kjemi og eit brennande ynskje om å utøva bra musikk: Griegakademiet er klare for å skapa god stemning på Vossa Jazz 2022!

I løpet av snart to år på Jazzlinja ved Griegakademiet har klassen utvikla god kjemi både i og utafor øvingsrommet. Dei har etterkvart danna eit heilt eige lydbilete som omfattar både akustiske og elektroniske element. Dette vert deira live-debut som gruppe, med eigenkomponert, smakfull musikk skreddersydd for nettopp denne gjengen.

Vemund Styve – mellofon
Trygve Tronstad – vokal, synth
Eirik Kvalbein – bass
Emil Jensen Malum  – slagverk
Rasmus Vik Lagerberg  – vibrafon
Sjur Folgerø – gitar
Johanne Maria Hageberg – vokal


Med gondol til Hangurstoppen Restaurant
Du kan kjøpa billett med gondolen for 100 kr t/r!

Du må kjøpa billetten online hjå Voss Resort og velja billetten Gondol Ittepaoski

Ynskjer du å få ein Vossaplanke med spekemat og god ost saman med gondolbilletten får du alt for 249 kr. Då kjøper du billett her.