Lastar Hendingar

Jazzintro: Munch Trio

  • Denne hending er over.
laurdag 9. april

Kl 20:00

Musikarane i Munch Trio har alle gått på musikklinja ved Edvard Munch vidaregåande skule i Oslo, og har spelt saman i mange ulike konstellasjonar og band. No studerer alle tre utøvande jazzmusikk på Jazzlinja ved NTNU i Trondheim. Bandet har sitt særpreg ved at musikarane har fordjupa seg i kvart sitt område i jazzen. I musikken møtest dei og skapar eit lyrisk kammermusikalsk uttrykk som blandar post bop, gypsy- og nordisk jazz. Munch Trio har tidlegare spelt på Dølajazz, Cosmopolite, Jazzfest i Trondheim og Nasjonal jazzscene.

Zakarias Meyer Øverli – tenorsaksofon
Gard Kronborg – bass
Ola Erlien – gitar

Jazzintro er eit lanseringsprogram der åtte utvalde band konkurrerer om tittelen Årets unge jazzmusikere 2022. Jazzintro vert arrangert av Norsk jazzforum og dei fem festivalane Vossa Jazz, Maijazz, Nattjazz, Kongsberg Jazzfestival og Moldejazz, med Gramo og Talent Norge som partnarar i prosjektet. Til Vossa Jazz kjem Bento Box og Munch Trio.


Konserten inngår i billetten Huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.