Lastar Hendingar
Foto Amalie Johannesen, Vossa Jazz

Sheila Jordan & Cameron Brown

laurdag 9. apr kl 20:00

Sheila Jordan sin konsert på Vossa Jazz 2021 vart diverre avlyst grunna innreiserestriksjonar, men ho lar seg ikkje stoppe denne gongen! Jazzpioneren Sheila Jordan vitja Vossa Jazz for fyrste gong i 1983, og sist i 2017. Då vart det m.a. skrive: «Då jazzveteran Sheila Jordan gjekk på scena så blei det heitt i rommet. Hennar naturlege sjarm og karisma fylte salen med hardt treffande varmebølgjer som om det var sumar.»

93-åringen har ei særs finjustert musikkjensle, stor formidlingskraft og mange sterke forteljingar frå ei lang og omfangsrik karrière. Charlie Parker kalla ho «the singer with the million ears», grunna hennar store evne til å lytte til medmusikantane sine. Jordan er ein pioner innan scat-song, og var ein av dei fyrste som kombinerte denne songteknikken med reint kontrabass-akkompagnement. Denne gongen òg tek ho med seg den svært røynde bassisten Cameron Brown, som mellom andre har spelt med Art Blakey, Chet Baker og Don Pullen/George Adams Quartet. 

Sheila Jordan – vokal
Cameron Brown – kontrabass

 

English
Legendary jazz singer Sheila Jordan returns to Vossa Jazz! She first visited the festival in 1983, and also performed a great concert at Vossa Jazz 2017. Jordan is a powerful storyteller with a finely tuned musical presence, and a lot of wisdom and great stories from her long career. Charlie Parker once called her “the singer with a million ears”, due to her great listening skills as a jazz performer.

Les meir om: