Lastar Hendingar
Foto Øystein Haara

Benedicte Maurseth og Sarah-Jane Summers: Màni

  • Denne hending er over.
laurdag 9. april

Kl 13:30

Dei veletablerte felespelarane Benedicte Maurseth og Sarah-Jane Summers samarbeider for fyrste gong i eit nytt tingingsverk – for Vossa Jazz 2022!

Begge utøvarane er kjende for si djupe forankring i skotske og norske folkemusikktradisjonar, samt deira skapande og utforskande trong. Dei er ikkje redde for å henta impulsar frå samtida og ulike kunst- og musikkinntrykk som jazz, verdsmusikk, barokk- og samtidsmusikk.

I det nye verket Máni – som er det norrøne ordet for måne – vil klangeleg utforsking og gjentakingas kraft vera kjernen. Hardingfelas rike palett blir det berande gjennom ulike felestemmingar i tillegg til fiolinen sin meir direkte tale. Rytmikk og gjentakande frasar vil vekka assosiasjonar til gangarar, springarar, skotske slow airs, amerikansk minimalisme og fri improvisert musikk. Alt tileigna månens gjentakande gravitasjonskraft, den evige sirkel, som ein meditasjon og noko rituelt, i form av puls, rytme og frasar.

Benedicte Maurseth – hardingfele
Sarah-Jane Summers – fiolin
Randiane Sandboe – lyskunst

 

English
Well established fiddle players Benedicte Maurseth Sarah Jane Summers collaborates for the first time in this comissioned work for Vossa Jazz, combining Nordic and Scottish folk traditions with impulses from contemporary music, jazz, world and classical music. Máni is the old Norse word for moon, and the work will explore concepts such as repetition, gravitation, meditation through music.