Terje Isungset skulle eigentleg feira 20 år med is-musikk på Vossa Jazz 2020. Pandemien sette ein stoppar for det, men no får me heller feira 22-årsjubileum! Dette vert ei eineståande konsertoppleving, der Isungset tek med seg eit knippe fantastiske artistar som sjølv har erfaring og bakgrunn frå arktiske forhold.
Inuittiske, samiske og sibirske songarar møter nokre av dei beste jazzmusikarane i Skandinavia og dei banebrytande stemningsfulle is-instrumenta til Isungset. Saman feirar dei vinteren, isen, snøen og naturen gjennom tradisjonelle tonar og samtidsmusikk. Dei inviterer publikum med inn i isen si verd, der gåsehudskapande tonar kretsar rundt isen og dei menneska som har levd i kulde gjennom generasjonar.
Terje Isungset er ein pionér innan kalde tonar – han har spelt på is sidan 1999! Ifølge CNN er han verdas einaste ismusikar, og han turnerer verda rundt med konseptet.
Han har med seg ei rekke musikarar fra Noreg, Canada, Russland og Sverige – mellom andre den samiske songaren Sara Marielle Gaup, jazzmusikarane Anders Jormin, Arve Henriksen, strupesongarane Amaly Sallualuk, Akinisie Sivuarapik og Radik Tyulyush.
Arctic Ice Music starta som eit bestillingsverk til Førde Internasjonale Folkemusikkfestival i 2016. Garantert gåsehud!
Terje Isungset – perkusjon
Maria Skranes – vokal
Amaly Sallualuk – strupesong
Akinisie Sivuarapik – strupesong
Radik Tyulyush – strupesong
Sara Marielle Gaup – joik
Arve Henriksen – trompet
Anders Jormin – bass
Anastasia Isachsen – video
Tor Magne Hallibakken – lyd
Ina Charlotte Moe – isteknikar
English
Norwegian composer and percussionist Terje Isungset celebrates 20 years of ice music! Together with Inuit, Sami and Sibirian singers and a cast of superb instrumentalists he celebrates and pays homage to ancestors who has lived lives surrounded by snow, ice and freezing cold.