Lastar Hendingar
Foto Jon Hunnålvatn Tøn/Mari Laupsa
Foto Jon Hunnålvatn Tøn/Mari Laupsa

Bokbad med Randi Fuglehaug

laurdag 9. apr kl 13:00

«Bergen har Varg Veum, Voss har Agnes Tveit.» Avisa Hordaland har sannsynlegvis oppsummert forfattar Randi Fuglehaug sitt ettermæle berre etter to utgjevingar. Den utflytta vossingen skreiv «Fallesjuke» (2020) med Ekstremsportveko som bakteppe, og den nyaste kritikarroste krimmen «Tonedød» utspelar seg på sjølvaste Vossa Jazz.

Randi Fuglehaug har dei siste par åra levd av skrivinga, både dei to krimmane, og serien «Halve kongeriket» der ei av bøkene i serien, «Arvingen», kjem i ei komande Netflix-filmatisering. Sidan journalistutdanninga i Volda og nokre år i USA har ho busett seg med mann og born i Oslo-byen, stikk motsett av det hovudperson Agnes Tveit gjer.

Bokbademeister er Brit Aksnes, programskapar, mangeårig Vossa Jazz-medarbeidar og tilfeldigvis ein slags kollega av Randi Fuglehaug, då begge leverer fast til avisa Dag og Tid.

Eitt av mange spørsmål vert garantert: Kjem Fuglehaug til å følgja sin oppdikta helt og flytta heim igjen? Den som kjem på bokbad får sjå!