Informasjon om Vossa Jazz

Vossa Jazz vert skipa til for 51. gong i dagane 22. – 24. mars 2024.


Festivalen er kjend for å vera nyskapande og har i mange år presentert sjølvaste Tingingsverket og andre nye prosjekt. Den musikalske profilen femner om jazz, folkemusikk og verdsmusikk. Badnajazz, ungdomssatsinga Yngdajazz, Eldrejazz og Superjazz for menneske med funksjonshemmingar er alle viktige element i festivalen.


Film for Vossa Jazz 2009 frå Ingrid Spildo Film på Vimeo.


Frå vedtektene til Vossa Jazz:

Føremål
Vossa Jazz skal ha som føremål å stimulera interessa for jazz og nærliggande musikkformer både for tilhøyrarar og aktive musikarar. Vossa Jazz skal i særleg grad stimulera til nyskaping og utvikling på nemnde kunstområde.  Hovudverksemda skal vera å skipa til ein årleg jazzfestival på Voss. Vossa Jazz kan også engasjera seg i kunstproduksjon og – formidling elles gjennom året.

Vossa Jazz skal gjennom all sin aktivitet freista å fungera som eit alternativ til den einsidige kommersielle kulturspreiinga.

Vossa Jazz har to tilsette og eit styre på fem faste medlemmer og tre varamedlemmer. Festivalrådet syter saman med over 200 flinke frivillige for at festivalen blir gjennomført på beste måte!


Vossa Jazz jobbar aktivt og målretta for å fremja likestilling, hindra diskriminering og førebygga seksuell trakassering. 

Alle som deltek på Vossa Jazz skal ha ei trygg oppleving. Sjå her for lenke til informasjon om korleis du kan melda frå om uønskte hendingar når du er engasjert på Vossa Jazz.

Vossa Jazz har i samband med dette arbeidet oppnådd merkeordninga Balansemerket.

Her kan du lesa om Balansekunst og her kan du lesa meir om Balansemerket.


Datoar dei næraste åra:
22. – 24. mars 2024
11. – 13. april 2025
27. – 29. mars 2026
19. – 20. mars 2027


Her kan du sjå film frå 2013-festivalen som Terje Nesthus og Dag Sandvik har laga: