Historie

Vossa Jazz vart skipa 19. desember 1973 og sidan 1974 har festivalen årleg vorte skipa til. Den første festivalen vart lagt til same helga som World Cup i alpint på Voss då ein hadde ein idé om at ski og jazz høyrde saman. Det svinga av båe delar. Kanskje ville mediemerksemda mot World Cup føra til at det draup litt på Vossa Jazz også? Det relativt unge festivaltilskiparar ikkje hadde tenkt på, var at World Cup la beslag på alle hotellsenger i sentrum, og festivalcamp midtvinters ikkje ville bli nokon suksess.

Det enda med at store deler at det tilreisande publikummet budde på Oppheim hotell. Delar av klubbprogrammet gjekk føre seg der og litt lenger nede i dalen – på Vinje hotell.

Den første Vossa Jazz blei ein suksess både musikalsk og publikumsmessig. Økonomisk blei det ein skikkeleg smell. Hadde det ikkje vore for at eit par av eldsjelene blei verande på Voss og tok fatt i elendet i staden for å dra i militæret, hadde det blitt med den eine festivalen. Festivalen er med åra blitt mykje større, men framleis har ein helde på det intime formatet.

Frå 1986 har festivalen alltid funne stad i palmehelga.

Den musikalske profilen femner om jazz, folkemusikk og verdsmusikk. Festivalen har med sin særeigne kombinasjon av jazz og folkemusikk samt satsing på årlege tingingsverk og prosjekt ein sterk stilling blant publikum og media. Vossa Jazz er ein sentral arena for nyskaping i norsk musikkliv.

Vossa Jazz er den første norske jazzfestivalen som har presentert eige tingingsverk. Ei rekkje av desse har vorte innspelt og vore utgangspunkt for andre prosjekt. Mange tingingsverk har fått både nasjonal og internasjonal merksemd.

Om namnet Vossa Jazz (i to ord):
Namnet oppstod tilfeldig allereie i førekant av den første festivalen. Me hadde kontorplass hjå Kåre Brunborg (far til Tore), og me hengde opp eit laken på gesimsen med påskrifta VOSSA JAZZ på to linjer.

I 1977 laga Sveinung Iversen logoen som er i bruk den dag i dag. Han brukte versalar, men i eiga utforming. Styret byrja etter dette å skriva namnet slik det blir skrive i dag – Vossa Jazz. Namnet på festivalen er eit særnamn og blir såleis ikkje råka av rettskrivinga. Mange har sagt til oss at dette er engelsk skrivemåte, men me har kvittert med at dette er innarbeidd tradisjon.

Sjå under «arkiv» for m.a. tidlegare program, Tingingsverk og vinnarar Vossa Jazz-prisen gjennom åra.