Lastar Hendingar
Foto Juliane Schütz
Foto Juliane Schütz

Ståle Storløkken – Solo kyrkjeorgel

Ståle Storløkken er kanskje best kjend for sine høg-oktan-vrengte, fri-rock-symfoniske Hammond-orgel-eskapadar i Elephant9 eller som fri-impro lyd-trollmann i Supersilent. Han har òg vore Terje Rypdal sin faste samarbeidspartnar og «keyboard-player of choice» sidan 1995.

Improvisasjon er alltid eit berande element i Storløkken sitt musikalske univers. Lyd, klang og tekstur står sentralt, saman med finurlege melodiske og rytmiske vendingar og stor harmonisk fridom. Storløkken søker konstant inspirasjon frå eit vidt spekter av det musikalske verdsbiletet, som folkemusikk, eksperimentell lydkunst og musikken til den franske komponisten Olivier Messiaen.

I møte med kyrkjeorgelet utforskar han både mogelegheitene og avgrensingane i instrumentet, og leitar etter skjulte “lyd-skattar”. Ulike musikalske uttrykk og bestanddelar – alt frå enkle melodiar til massiv lydutforsking – vert del av same heilskap, som oppstår i augneblinken. Ut av alt dette oppstår landskap som kan vera både sarte, vakre, konkrete, abstrakte og overveldande.

«Operating the speaking stops with discreet mastery, Ståle Storløkken holds together the ancient and the contemporary in his own way, giving vent to improvised dynamics […] without thereby violating the sacral aura that continues to surround the pipe organ in its still long musical journey.» – Michele Palozzo, Esoteros, 3.mai 2021


Denne konserten er gratis, men hugs å ta ut billett hjå TicketCo.



English

Ståle Storløkken may well be best known for his hi-octane-distorted, free-rock-symphonic Hammond-organ escapades in Elephant9 or as the synth-wizard in Supersilent. In the encounter with the Church-organ he seeks to explore both possibilities and limitations of the instrument and he is constant in search of the hidden “treasures of sound”. Different musical phrases or elements, from simple melodies to massive sound exploration, becomespart of a whole that is created in the moment. Out of this, musical landscapes appear, that can be smooth , beautiful, concrete, abstract and fierce.

 

Les meir om: