
Artistar/band på Vossa Jazz 2017:
Vossakveik: Voss – bygd for delte opplevingar?
Årets Vossakveik har fokus på framtida og korleis me skal utvikla ei bærekraftig bygd for sterke opplevingar.
torsdag 6. april
16:30
Club Montmartre
Malika Makouf Rasmussen spinn musikalske trådar til Afrika via Midtausten attende til Vesten i sin grensesprengande og nyskapande musikk.
fredag 7. april
00:00
Undergrünnen
Undergrünnen speler det dei sjølv kallar "jungelkraut": Ei form for psykedelisk garasjerock med inspirasjon frå steppene i Afrika og tyske krautrock-klubbar.
fredag 7. april
00:30
Jazzlinja i Trondheim – Lykkehjulet
Lat oss spinna lykkehjulet, og håpa at det stoppar på Voss! LYKKEHJULET er andreklasse ved Jazzlinja i Trondheim, som rullar ut på Noregsturné i slutten av mars 2017.
fredag 7. april
13:00
ILMOI
ILMOI er ein trio med sterke finsk-ugriske røter, farga av nordiske tradisjonar. Musikken deira består av lange meditative strekk i pakt med eldgamal finsk musikkjensle, men er òg prega av tett rytmisk samspel.
fredag 7. april
16:00
Vossa Jazz-utstilling
Russiske Tatiana Stadnichenko er nyutdanna frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen (KHIB). Som kunstnar er ho oppteken av dei fysiske og mentale grensene til urbane miljø. Korleis former det moderne bylandskapet vår identitet, livsstil og oppførsel?
fredag 7. april
17:00
Badnajazz: Stefan Pasborg og Dawda Jobarteh
Den energiske duoen lovar ein forrykande konsert med 60-tals jazz og folkemusikk frå Vest-Afrika, som garantert vil appellera både til store og små.
fredag 7. april
17:30
Busi Ncube: Usiko
Global Oslo Music har bestilt eit nytt verk av Busi Ncube. Dette verket har fått tittelen Usiko og vert urframført som opningskonsert på den 44. festivalen!
fredag 7. april
19:00
Karin Krog og John Surman: «Infinite Paths»
Me gler oss til å presentera denne stjerneduoen for Vossa Jazz-publikummet i april.
fredag 7. april
20:30
Bushman’s Revenge
Vossa Jazz gler seg til å presentera Noregs beste jazz-rockarar for festivalgjengarane.
fredag 7. april
21:00
Highasakite
Highasakite kjem til Vossa Jazz!
fredag 7. april
22:00
Bogue Chitto
Med ein rufsete miks av norsk, afrikansk og amerikansk folkemusikk i handbagasjen, susar Rosseklovnkleppen avgarde på støvete interkontinentale landevegar.
fredag 7. april
22:00
Pasborg/Storløkken Power Duo
Ståle Storløkken er ein av Noregs tøffaste musikarar – han legg ikkje akkurat fingrane imellom når han hamrar på tangentane! Stefan Pasborg er ei gåvepakke til alle som elskar trommekunst.
fredag 7. april
22:30
Maesa Pullman & The Last Hurra(h)!!
Produsenten, musikaren og låtskrivaren HP Gundersen sitt band The Last Hurrah!! har fått svært mykje merksemd dei siste åra, både nasjonalt og internasjonalt.
fredag 7. april
22:30
Mette Rasmussen Quintet
Dei siste åra har den danske saksofonisten Mette Rasmussen etablert seg som eit av dei største talenta innanfor jazz og fri improvisasjon.
fredag 7. april
23:00
Mambo Compañeros
Her er det berre til å knyta dobbelknute på danseskoa – Mambo Compañeros er eit band med eit uimotståeleg driv og henrivande nærvære på scena.
laurdag 8. april
00:30
Utekonsert med studerande stuntmenn og -kvinner
Me er så heldige å ha med oss studentar frå Jazzlinja i Trondheim som skal overraska oss alle med ein eller annan type konsert på torget.
laurdag 8. april
11:00
Jazzparade
Paraden går frå Torget, og i front finn du Paradebandet og Badnajazzkoret.
laurdag 8. april
11:30
Kim Myhr
Kim Myhr har vore ei av dei fremste stemmene på den eksperimentelle scena i Noreg dei siste åra, både som komponist og gitarist.
laurdag 8. april
12:00
Badnajazz: Per Olav Kaldestad
I 2017 er Kaldestad festivalforfattar på verdas einaste nynorske barnebokfestival – Falturiltu på Stord.
laurdag 8. april
12:00
Badnajazz: Morgonfrosken
For den spretne, nysgjerrige og undrande Morgonfrosken er ingen tema for store eller for små.
laurdag 8. april
12:30
Solaris
Øyvind Rimbereid sitt langdikt Solaris korrigert vart oppført som fullskala teaterframsyning på Det Norske Teatrets Hovudscene i 2015/2016 og hausta panegyriske kritikkar og fleire Hedda-prisar – mellom anna for musikken til Sjur Miljeteig, og Ane Dahl Torps tolking av hovudpersonen «Aig».
laurdag 8. april
13:00
Grete Skarpeid og Aruán Ortiz
Nokre gongar overgår røynda eventyra. Eit tilfeldig møte på Voss mellom musikkterapeut Grete Skarpeid og den anerkjente kubansk/amerikanske pianisten Aruan Ortiz førte til eit samarbeid som munna ut i plata «My Songs» (2016).
laurdag 8. april
14:00
Eldrejazz: Mads Berven Gamleskulen
Gitarist Mads Berven er kjend frå eit utal ulike prosjekt og band med høg musikalsk kvalitet og god stemning som ein fellesnemnar.
laurdag 8. april
14:00
Superjazz
Utstyrt med eit rikt utval trommer og andre rytmeinstrument, vert det som alltid eit leikent samspel på Superjazz!
laurdag 8. april
14:00
Badnajazz: Solfrid Molland – Musikken er mitt heimland
Bli med, så får du kanskje høyre eventyret om korleis musikken vart sigøynaranes heimland, og den spanande forteljinga om Marja og det magiske appelsintreet!
laurdag 8. april
15:00
UNGjaJAZZja: Sondre Lerche solo
Solokonsert med fri aldersgrense!
laurdag 8. april
15:30
Stumfilm i Gamlekinoen: Kristine Valdresdatter
For alle film- kultur- og folkemusikkelskarar: det er i ferd med å bli servert ei heilt unik oppleving!
laurdag 8. april
15:30
Ralph Myerz` Vin & Vinyl
AVLYST
laurdag 8. april
16:45
Tingingsverket 2017 – Susanna & the Brotherhood of our Lady
Susanna lagar Tingingsverket til Vossa Jazz 2017!
laurdag 8. april
18:00
Sheila Jordan og Cameron Brown
Sheila Jordan er ei av dei verkeleg unike stemmene i jazzhistoria og Charlie Parker pleidde å introdusere henne som «the singer with the million ears», grunna hennar store evne til improvisasjon og samspel.
laurdag 8. april
20:00
Sondre Lerche
Sondre Lerche har ein fantastisk energi, og ein fantastisk teft for den gode melodien og det fengjande refrenget.
laurdag 8. april
21:00
Ingrid Olava/ Andreas Ulvo duo
I snart ti år Ingrid Olava berika musikk-Noreg med dyktig låtskriving, ei særprega stemme og vakkert pianospel. Endeleg kjem ho attende til Vossa Jazz, denne gongen saman med tangentmeisteren Andreas Ulvo.
laurdag 8. april
21:30
Møster!
Møster! kjem til Vossa Jazz med eit splitter nytt verk!
laurdag 8. april
22:00
Torun Eriksen
Torun Eriksen er Noreg sitt svar på Joni Mitchell. Ho har ei av desse spesielle stemmene som ein aldri vert lei av å høyre på – den perfekte blandinga av distinkt særpreg, strålande teknikk og uanstrengt musikkglede.
laurdag 8. april
22:30
Nils Petter Molvær Group
Arild Andersen om plata Buoyancy: «Jeg kan ikke si jeg har hørt Nils Petter Molvær bedre enn med denne kvartetten. Buoyancy er tuftet på modenhet, levd liv og levende musikalsk tilstedeværelse.»
laurdag 8. april
23:00
Bubliczki og Molland trio
Eit møte mellom det energiske og det kjenslevare og mellom ulike europeiske musikkartar og tradisjonar!
laurdag 8. april
23:15
Tazano
Det som byrja som eit forskingsprosjekt – eit djupdykk i afrikanske folkemusikktradisjonar – vart til eit fantastisk band som nyttar element frå desse tradisjonane i improvisasjon og eigne jazzkomposisjonar.
laurdag 8. april
23:45
Matthew Shipp solo
Ein heilt fantastisk pianist, med ei eineståande evne til fri improvisasjon og samspel.
sundag 9. april
12:00
Terje Isungset – «Sildrande»
Terje Isungset skriv ny musikk til Vossa Jazz 2017, og tek med seg nokre av dei beste jazz- og samtidsmusikarane i landet på scena!
sundag 9. april
13:00
Badnajazz: Mambokameratane
Årets urframføring på Badnajazz er eit samarbeid mellom born og ungdom frå Voss og det norske latinbandet Mambo Compañeros, Noregs leiande salsaband dei siste 20 åra!
sundag 9. april
13:00
Significant Time
Significant Time er eit av dei mest spanande unge banda på den norske jazzscena.
sundag 9. april
14:30
Tomasz Stanko New York Quartet
Tre gongar har Tomasz Stanko vorte kåra til verdas beste trompetist i jazzbladet DownBeat.
sundag 9. april
15:30
Benedicte Maurseth og Jasser Haj Youssef
I møtet mellom desse framifrå musikarane får publikum oppleve ei unik toneverd som blandar nordisk tradisjonsmusikk med austleg, meditativ inspirasjon.
sundag 9. april
17:00
Kristin Asbjørnsen med Ablaye Cissoko og Olav Torget: Traces of You
Kristin Asbjørnsen er ei av dei mest originale, kritikarroste og kraftfulle stemmene i norsk jazz og verdsmusikk.
sundag 9. april
18:30
Solveig Slettahjell – Knut Reiersrud – In The Country: Trail of Souls
Saman har dei fem musikarane teke eit djupdykk i den afroamerikanske blues- og gospeltradisjonen. Resultatet er ei stilsikker blanding av musikksjangrar og fem unike stemmer sitt særpreg.
sundag 9. april
20:00
Privacy OverviewThis website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary CookiesStrictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.