• This event has passed.
fredag 7. apr - 22:30

Fantastiske Ståle Storløkken og Stefan Pasborg kjem til Vossa Jazz med eit flunkande nytt samarbeidsprosjekt!

Keyboardist Ståle Storløkken og trommeslagar Stefan Pasborg kjem til «vårens vakraste eventyr» på Voss med den hardtslåande jazzrock-musikken sin.

Ståle Storløkken er ein av Noregs tøffaste musikarar – i band som Supersilent og Elephant9 legg han ikkje akkurat fingrane imellom når han hamrar på tangentane! Danske Stefan Pasborg er ei gåvepakke til alle som elskar trommekunst – ivrige Vossa Jazzarar har høyrd han før som del av banda Ibrahim Electric og Odessa 5. Dette er ein kombo av to av dei råaste og tøffaste musikarane i Norden, og Vossa Jazz er stolte over å presentera duoen for fyrste gong på norsk jord!

Ståle Storløkken – orgel, keys
Stefan Pasborg – trommer

http://www.pasborg.dk/

English:
Norwegian keyboard player Ståle Storløkken (Elephant9, Supersilent) and Danish drummer Stefan Pasborg (Odessa 5) played two duo-concerts in Denmark in 2016, which showed great musical chemistry. These are two of Scandinavias thoughest and most talented musicians. Vossa Jazz is proud to present this potent, rough jazz rock-duo for the first time in Norway.