Lastar Hendingar

Ralph Myerz` Vin & Vinyl

  • Denne hending er over.
laurdag 8. april

Kl 16:45

DENNE TILSKIPINGA ER DESSVERRE AVLYST GRUNN ASJUKDOM.

Bli med på ei uformell vinsmaking med Ralph Myerz, som fortel om sine raudvinar og sitt langvarige forhold til både vin og vinyl.

Dette avbrekket høver perfekt for deg som likar god vin og fin musikk. Ralph Myerz er jo kjend som både artist og produsent, han har selt mengder med plater verda over og vunne Spellemannpris.

Vin & vinyl er fruktene etter hans mange turnéar der han besøkte lokale vingårdar og platesjapper.
Resultatet er den ultimate avslappingsforma der ein kan høyra Ralphen fortelja om området der
vinen vert laga, menneska bak og sjølvsagt litt fakta om kva druer og metodar som ligg bak dei ulike årgangane. Det heile vert avslutta med at han spelar den finaste 60-/70-/80-tals jazz, funk, soul med opning for meir danseorienterte ting om stemninga legg opp til det!

Festivalpass eller dagskort gjeld ikkje.