Lastar Hendingar
Tatiana Stadnichenko (Foto: Smetanina Tania)
Tatiana Stadnichenko

Vossa Jazz-utstilling

  • Dette arrangementet er ferdig.
fredag 7. april

Kl 17:00

Russiske Tatiana Stadnichenko er nyutdanna frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen (KHIB). Som kunstnar er ho oppteken av dei fysiske og mentale grensene til urbane miljø. Korleis former det moderne bylandskapet vår identitet, livsstil og oppførsel? I ei tid prega av globalisering, innvandring og kulturell utveksling er dette viktige spørsmål, som kunsten kan og bør ta tak i og utforske. Vossa Jazz-utstillinga til Stadnichenko skal ha tittelen «Shifting land», og vil vera fokusert på video- og lydkunst:

— In the project «Shifting land» I combine architecture from countries, where I used to live for the last years. It`s Russia, Sweden, Norway and Italy. The flow of images is overlapping, transforming and mixing the space, creating the architecture river, slow waterfalls of windows and doors, people’s places and my personal important spaces. The work is a one direction video-flow, like time has an arrow or vector, but the viewer can walk around and explore the process from different angles, seier Stadnichenko.

Sjølve plakaten er ein visualisering av den personlege erfaringa av desse prosessane. Lyddelen av verket utviklar Tatiana saman med den svenske lydkunstnaren David Heikkinen. Stadnichenko er glad for å vera årets Vossa Jazz-kunstnar:

— To be part of Vossa Jazz festival is very important for me, because in our days, when we have a so huge amount of the information around, I feel that it`s necessary to work in a collaboration, in a crossroad, where several media can meet up.

Vossa Jazz-utstillinga er eit samarbeid med Voss Kunstlag og vert støtta av Vekselbanken.