fredag 7. apr - 13:00

Lat oss spinna lykkehjulet, og håpa at det stoppar på Voss! LYKKEHJULET er andreklasse ved Jazzlinja i Trondheim, som rullar ut på Noregsturné i slutten av mars 2017.

Ensemblet består av 13 unge og talentfulle musikarar med bakgrunn frå Noreg, Sverige og Tyskland. Når LYKKEHJULET presenterer eigenkomponert materiale, skapar dei ein konsert full av energi og speleglede, med eit stort mangfald av musikalske referansar. Musikken inneheld velkonstruerte komposisjonar og kreative arrangement med mykje improvisatorisk spelerom.

Vilde Aakre Lie – vokal
Harald Relling Nielsen – vokal
Vebjørn Mamen – vokal
Magnus Skaug – gitar
Tore Hodneland – gitar
Ingrid Steinkopf – piano, synth, fløyte
Jan Ivar Kinn Ekroll – piano, trompet
Christian Cuadra – saksofon
Cecilie Grundt – saksofon
David Andersson – bass
Frederik Villmow – trommer
Åsmund Mattias Smidt – trommer
Wilhelm Westerman – trommer