Lastar Hendingar
Bogue Chitto

Bogue Chitto

  • Denne hending er over.
fredag 7. april

Kl 22:00

Med ein rufsete miks av norsk, afrikansk og amerikansk folkemusikk i handbagasjen, susar Bogue Chitto (tidl. Rosseklovnkleppen) avgarde på støvete interkontinentale landevegar. Tenk norsk bygdefest med eit hint av amerikansk prærie og afrikansk vestkyst, med Ry Cooder, Ali Farka Touré og Knut Reiersrud på gjestelista. Bandet spelte nyleg si andre plate på Arne Bendiksen sin gamle teipmaskin, og sleppkonserten får du på Vossa Jazz!  Rosseklovnkleppen bind saman generasjonar, kulturar og sjangrar på ein måte som gjev ein trua på eit liv etter olja!

Marius Klovning – gitar
Mattis Kleppen – bass
Are Rosseland – trommer

Konserten inngår i billetten huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa enkeltbillett til berre denne konserten.

English:
Bogue Chitto is speeding down the intercontinental highway with a vital blend of Norwegian, African and American folk music in the trunk. The band just finished recording their second album («Reds Lounge») on an old tape machine, and Vossa Jazz is proud to present the release concert!