Kim Myhr har vore ei av dei fremste stemmene på den eksperimentelle scena i Noreg dei siste åra, både som komponist og gitarist. Han turnerer stadig i Europa, Australia, Asia og Nord- og Sør Amerika. I 2014 slapp han det kritikarroste soloalbumet «All Your Limbs Singing» – ei orkestral utforsking av 12-strengsgitaren som henta næring frå frifolk og sekstitals avantgardemusikk. I 2016 slapp han soloalbumet «BLOOM», som vart kåra til årets sjuande beste norske album av Dagbladet.
Myhr har mellom anna laga to verk for Trondheim Jazzorkester. Det første, saman med Sidsel Endresen, vart framført under Moldejazz 2009 og vart av JazzNytt kalt «en av jazz-Norges mest skjellsettende opplevelser». Det andre laga han han saman med Jenny Hval til Ultima-festivalen 2012. Verket vart gitt ut under namnet «In the end his voice will be the sound of paper» på plateselskapet Hubro i 2016.
English:
Kim Myhr is one of the most important artists on the Norwegian experimental music scene, both as a composer and guitarist. In 2014 he released the critically acclaimed solo album «All Your Limbs Singing» – an orchestral exploration of the twelve string guitar. He followed up the success with the album «BLOOM», which made the list of the ten best albums from Norway in 2016 by Dagbladet.