This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.


Badnajazz: Solfrid Molland – Musikken er mitt heimland
- Denne hending er over.
laurdag 8. april
Kl 15:00
Solfrid Molland og Lars Tormod Jenset inviterer oss med på ei reise til ein liten musikarlandsby i Romania. Her lærer borna å syngja og spela frå dei er små, og kvar kveld sit dei rundt bålet og fortel historier. Bli med, så får du kanskje høyre eventyret om korleis musikken vart sigøynaranes heimland, og den spanande forteljinga om Marja og det magiske appelsintreet!
Vel møtt til eit musikalsk møte mellom det norske og det rumenske, til ein medrivande konsert som viser musikkens kraft til å føra menneske saman på tvers av ulike språk, kulturar og heimland.
Solfrid Molland er songer, pianist og komponist. Ho vaks opp med russisk folkemusikk, sigøynarmusikk og europeisk kunstmusikk – eit toneunivers som vart utløysande for hennar musikalske virke. Få også med deg konserten hennar med det polske bandet Bubliczki på laurdagen under årets festival.
Solfrid Molland – vokal, trekkspel
Lars Tormod Jenset – kontrabass