Lastar Hendingar
Nils Petter Molvær Group, laurdag 8. april

Nils Petter Molvær Group

  • Denne hending er over.
laurdag 8. april

Kl 23:00

Nils Petter Molvær er ein av våre mest omtykte og respekterte jazzmusikarar. Sidan han leverte det nyskapande Tingingsverket Labyrinter til Vossa Jazz i 1996 har han gjesta festivalen ved fleire høve. Han har ei heilt distinkt stemme som trompetist, musikar og komponist. Kanskje er det måten han einar motsetningar på som gjer musikken hans så levande og forførande – det stillferdige er kraftfullt hjå Molvær, og komposisjonane hans er robuste og kjenslevare på same tid. Spelet hans har ein urnordisk sus av natur, vind og fossefall i seg, men er samstundes prega av elektronikk og moderne samtidsmusikk.

Hausten 2016 gav Nils Petter Molvær ut «Buoyancy», eit fantastisk album som balanserer mellom det tradisjonelle og det kontemporære og det komponerte og improviserte, slik berre Molvær får det til. Bandet består av nokre av dei dyktigaste og mest kreative musikarane i landet. Arild Andersen skreiv i ein omtale i Aftenposten: «Jeg kan ikke si jeg har hørt Nils Petter Molvær bedre enn med denne kvartetten. Buoyancy er tuftet på modenhet, levd liv og levende musikalsk tilstedeværelse.» Gled dykk til konserten med Nils Petter Molvær Group på Vossa Jazz 2017!

Nils Petter Molvær – trompet
Erland Dahlen – trommer
Geir Sundstøl – gitar
Jo Berger Myhre – bass

David Solheim – lyddesign
Tord Knudsen – lysdesign

nilspettermolvaer.com

English:
Nils Petter Molvær is one of Norway’s most respected jazz musicians. He has a distinct and captivating expression as a trumpet player, musician and composer. His music unites the tender with the powerful, and the traditional with the contemporary. He released the album «Buoyancy» with his quartet in 2016 – an amazing record that combines nordic jazz with inspiration from electronica, americana and world music.