Lastar Hendingar

Vossakveik: Voss – bygd for delte opplevingar?

  • Denne hending er over.
torsdag 6. april

Kl 16:30

Korleis skal vossingane leva i framtida?

Årets Vossakveik har fokus på framtida og korleis me skal utvikla ei berekraftig bygd for sterke opplevingar.

Klarar Vossabygda å bli verdsmeister i å dela? Me har fått med oss flinke folk til å snakka om dette temaet:

CHRISTINE KORME – Dele eller kvele – om delingsøkonomiens muligheter og utfordringer!
Korme er direktør for digitalisering og fornying i Abelia, NHOs landsforeining for teknologi- og kunnskapsbedrifter. Der jobbar ho mellom anna med å syta for at Noreg har ein næringspolitikk som legg til rette for ny verdiskaping, omstilling og digitalisering. Christine representerte NHO i det regjeringsoppnemnde delingsøkonomiutvalet som la fram sin rapport i februar. Ho har tidlegare vore kommunikasjonsdirektør i Microsoft Norge og var før det nyheitsoppleser, USA-korrespondent og politisk reportar i TV2 i ei årrekke.

AGNES VEVLE TVINNEREIM frå Bærekraftige liv på Landås
Tvinnereim jobbar med samfunnsendring. Korleis kan me forankra naudsynte endringar lokalt, og korleis kan me gje kvarandre eit begeistra spark vekk frå handlingslamminga? Nye digitale plattformer opnar nye dører, men nokon må gripa sjansane og få dei ut til folket. Stikkord er tillit, lokalsamfunn og kreativ kompetanse.

CHRISTER HANSEN ERIKSEN, gründer Leieting.no: Delingsøkonomi i praksis
Leieting.no vart på rekordtid Noregs største marknadsplass for leige av ting & tang med tusenvis av
medlemmar over heile landet. Her kan ein leiga og leiga ut alt frå bil og båt til verktøy og friluftsutstyr.

Seminaret vert leia av ARNE HJELTNES, og kjenner me han rett vert det både innlegg og gode kommentarar undervegs.

Det vert eksklusive smakebitar frå Tingingsverket med SUSANNA.

Sal av god lokal mat og drykk. Dørene opnar kl 15:00 og baren held ope utover kvelden.