Lastar Hendingar
Matthew Shipp

Matthew Shipp solo

  • Denne hending er over.
sundag 9. april

Kl 12:00

Sidan seint 80-tal har amerikanske Matthew Shipp vore ein av dei leiande og mest respekterte pianistane innanfor den internasjonale avantgardejazzen. Han har vore med på eit utruleg tal plater og prosjekt, anten det er som bandleiar, sidemann eller komponist. Grunnen til at denne mannen har vore festa til platerillane så ofte er ganske enkel: Han er ein heilt fantastisk pianist, med ei eineståande evne til fri improvisasjon og samspel.

I ein omtale av «Live at Okuden» frå 2015 skreiv Arild Andersen eit godt, oppsummerande avsnitt i Aftenposten: «I skyggen av Cecil Taylor og Keith Jarrett har han spilt frem sin egenart gjennom tre tiår. Han kan beskrives som en krysning mellom de to gigantene, men han overskrider begge, med sitt eierskap i bluesen og de frie ytringenes iboende muligheter.»

I januar 2017 kom han med ei ny plate kalla «Piano Song» og i april kan du høyre han solo på Vossa Jazz!

Medan du ventar kan du høyra trioen hans her:

English:
Since the late 80s American piano player Matthew Shipp has been one of the leading musicians on the international avantgarde jazz scene. He has contributed on a great number of records and projects, both as a band leader, composer and band member. It’s not hard to understand why – he is quite simply an amazing musician, with a unique gift for improvisation and musical interaction.