• This event has passed.
fredag 7. apr - 00:30

Undergrünnen er Haugesund si eiga supergruppe, med medlemmer frå band som The Low Frequency in Stereo, Lumen Drones og Wünderkammer. Det sjølvtitulerte debutalbumet deira fekk strålande omtalar, og Dagbladet kåra «Skjønne Du Ingenting» til den femte beste låta i 2015. På tampen av året hanka dei òg inn ein Spellemann-nominasjon i rock-kategorien for albumet. I 2016 følgde dei opp suksessen med «Ørkesløs Fryd EP», som ein kan sjekka ut i linken under.

Undergrünnen spelar det dei sjølv kallar «jungelkraut»: Ei form for psykedelisk garasjerock med inspirasjon frå steppene i Afrika og tyske krautrock-klubbar. Dei lét litt som ei blanding av to andre Vossa Jazz-yndlingar: Svenske Dungen og afrobeat-kongen Tony Allen. Med eit primitivt driv og ein eksplosiv energi er dei det fødte live-band – ein skikkeleg musikalsk knyttneve!

Pål Jackman – vokal, gitar
Per Steinar Lie – bass, vokal
Ørjan Haaland – trommer, orgel, trompet
Morten Jackman – perkusjon, kor

Konserten inngår i billetten huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

«Ørkesløs Fryd EP» på Soudcloud: https://soundcloud.com/jansen-plateproduksjon/sets/undergrunnen-orkeslos-fryd-ep-1/s-eRwyV

English:
Undergrünnen is a Norwegian supergroup, with musicians from bands such as The Low Frequency in Stereo, Lumen Drones and Wünderkammer. Their debut album recieved great reviews, and Dagbladet listed «Skjønne Du Ingenting» as the 5th best song of 2016. They call their music «jungle kraut»: Primitive psychedelic garage rock influenced by afrobeat music and German krautrock. A fistful of energy and groove – the perfect live act!