Lastar Hendingar

Sheila Jordan og Cameron Brown

  • Denne hending er over.
laurdag 8. april

Kl 20:00

Sheila Jordan er ei av dei verkeleg unike stemmene i jazzhistoria. Ho vart fødd i Detroit i 1928, og fekk tidleg smaken på bebop-musikken som var populær på 40- og 50-talet. Ho var ein pioneer innafor scat-song, og var mellom dei fyrste som kombinerte scat med eit reint kontrabass-akkompagnement. Dette duo-formatet har ho kome tilbake til gjennom heile karriera si, mellom anna saman med Steve Swallow og vår eigen Arild Andersen. Til Vossa Jazz tek ho med seg den røynde kontrabassisten Cameron Brown, som mellom anna har spelt med Art Blakey, Chet Baker og Don Pullen/George Adams Quartet.

Jordan er ein artist som syng med hjarta, og som set historieforteljing, kjensle og formidling høgare enn teknisk briljans. Charlie Parker pleidde å introdusere henne som «the singer with the million ears», grunna hennar store evne til improvisasjon og samspel. Vossa Jazz er heldig som kan presentera ein ekte jazzpionér på Vossa Jazz 2017!

Sheila Jordan – vokal
Cameron Brown – kontrabass

www.sheilajordanjazz.com

English:
Sheila Jordan is a unique voice in the history of jazz. She was born in Detroit in 1928, and developed a taste and talent for bebop and scat singing early on. She pioneered scat singing with upright bass as the only accompaniment, and has often returned to this duo-format throughout her career. Cameron Brown is an experienced upright bass player – over the course of his career he has played with the likes of Art Blakey, Chet Baker and Don Pullen/George Adams Quartet. Jordan is an artist with a great talent for storytelling, emotion and improvisation. Charlie Parker used to introduce her as «the singer with the million ears», due to her great improvisational skills and musical ability.