sundag 9. apr - 13:00

Terje Isungset skriv ny musikk til Vossa Jazz 2017, og tek med seg nokre av dei beste jazz- og samtidsmusikarane i landet på scena!

Korleis er lyden av sildrande vatn? Kanskje det finst tonar inni ein liten, klukkande bekk? Kan desse tonane danna ei ramme for ein komposisjon, melodi eller ei lydverd? Kva om ein speglar lydane av instrumenta ned i vatnet, med hjelp frå ein «hydrofon»? Får me høyra det same som fisken då?

Terje Isungset har jobba med desse spørsmåla det siste året og svara får me kanskje i urframføringa på Vossa Jazz. Isungset er kjend for si kontinuerlege musikalske eksperimentering som komponist, perkusjonist og lydkunstnar. Han har fleire titals innspelingar bak seg, og nyttar ofte naturen som inspirasjon og instrument i verka sine. Han har jobba med ulike og ofte uvante kombinasjonar av lydkjelder som bukkehorn, munnharpe, tre, stein, glas og is.

Det sildrande eller rennande – det utømmelege. Ei livskjelde eller ei oppkome. Dette kan vera konkret i form av vatn – verdas viktigaste ressurs – eller i overført tyding i form av kreativitet, idéar og musikk. Den som kjem får sjå!

Arve Henriksen – trompet, vokal, elektronikk
Sissel Vera Pettersen – vokal, elektronikk, saksofon
Morten Qvenild – piano
Nils Økland – feler
Mats Eden – feler
Mats Eilertsen – kontrabass
Terje Isungset: trommer, perkusjon, munnharpe
Asle Karstad – surround-lyddusj

English:
What is the sound of water? How can we hear what fish hear? Terje Isungset explores water in his new commisioned work «Sildrande» (Drizzling), together with some of Norway’s finest contemporary jazz musicians. Isungset is well known in Norway for his will to experiment as a composer and drummer/percussionist. He often uses nature as both inspiration and instrument – he has made music based on ice, wood and stones in earlier works.

dnkf_sort_uten